Det nye kyrkjebevaringsfondet skal syta for vedlikehald av dei mange verneverdige kyrkjene i landet vårt. Berre i Bjørgvin er det 147 kyrkjer som Riksantikvaren har freda eller ført på si liste over kyrkjer av særleg nasjonal verneverdi, og det er desse som kan få støtte.
Linda Gripsgård Lunga frå Osterøy og Synnøve Smørdal Wiik frå Stad var blant dei menge kyrkjeverjene på kurset som ville læra om å skriva søknader, slik at dei lettare kan søkja om midlar. – Vi har fire listeførte kyrkjer og prosjekt i alle desse, og vi treng å vite korleis vi skal få pengar til desse prosjekta, seier Synnøve. Linda har ansvar for ei freda og tre listeførte kyrkjer og vil i første omgang skaffa seg eit oppdatert oversyn over tilstanden på desse. Det kan ho gjera med eit forprosjekt som fondet dekkar alle utgiftene ved.
Hallgeir Øgaard Westli frå Sogndal var einaste kantor på kurset. – Eg har ei restaurering av eit gamalt orgel som eg jobbar med. Det kan få midlar frå dette fondet, så eg ønskte å læra meir om korleis vi skal tenkja rundt dette, seier Hallgeir som synest kurset har vore veldig nyttig og at han også har fått att meir enn han venta ved å delta. – Det var inspirerande å høyra om det med å formidla vidare kunnskap om det vi lærer gjennom restaureringsarbeidet og om kyrkja generelt, seier han.
Åtte verna kyrkjer
I Sogndal kyrkjelege fellesråd arbeider også rådgjevar Magny Ugulsvik Bukholm. Der har dei heile åtte kyrkjer, fem av dei er listeførte, tre er freda. – Det er prosjekt på alle, og no fekk eg høyra meir om kva som er forventa på dei fire ulike innsatsområda bevaring, kunnskap og kompetanse, oppleving og formidling og engasjement og deltaking. Dette var ting eg ikkje visste så mykje om frå før, seier ho.
I Bergen har ein alt fått midlar frå kyrkjebevaringsfondet, bl.a. til den store vøla av Johanneskirken. Akasia, som i mange år har arbeidd med mellomalderkyrkjene i Bergen og er rådgjevarar for andre fellesråd, hadde sent to av sine leiarar på kurset. – Eg er her for å læra å skriva søknader, både for vårt eige fellesråd og for andre ber om hjelp, seier prosjektleiar Øystein Mortensen. Både han og kollegaen tykte at kurset var nyttig.
Både bevaring og formidling
– Det var ikkje minst veldig spennande å høyra om innsatsområde 3 og 4 som er litt ved sida av det som handlar om det byggtekniske. Det handlar både om bruken av kyrkja og formidling av denne og av kulturverdiane til kyrkja. Her vil me som rådgjevarar trenga innspel frå fellesråda og sokneråda som er brukarar av kyrkja når me skal skriva denne delen av søknaden, seier Jan Helge Halleraker som er prosjektsjef i Akasia.
– Formidlingsdelen som det blir gitt støtte til, gir oss høve til å bruka kyrkjene på nye måtar. I dei prosjekta eg har hatt ansvar for, har me gjort nokon tiltak som handlar om dette. Blant anna har me samla gamle ting me har funne i mellomalderkyrkjene og stilt dei ut i «tårnmuseum», fortel Øystein.
Kyrkjebevaringsfondet
Kyrkjebevaringsfondet gjev støtte til forprosjekt (100 prosent støtte) og hovudprosjekt (delt finansiering med kommunen, frå 50 % og oppover). Ein kan søkja på fire innsatsområde:
- bevaring (istandsetting, sikring og konservering),
- kunnskap og kompetanse,
- oppleving og formidling
- engasjement og deltaking
Det er oppretta eit eige sekretariat i Trondheim som har ansvar for å forvalta fondet. Dei er ein del av Riksantikvaren, men med medarbeidarar også frå KA og kyrkjerådet.
Konferanse om kyrkjebevaringsprogrammet 3. – 4. februar
Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Bjørgvin bispedøme og Kirkens Bymisjon inviterer til konferansen Ei ny tid for kyrkjebygga våre - potensialet i “Kirkebevaringsprogrammet” 3. – 4. februar i Bergen.
Målet for konferansen er å informere om Kirkebevaringsprogrammet, utforske potensialet i det og leggje grunnlag for samarbeid.
Målgruppe for konferansen er politikarar i kommunar og kyrkjelege fellesråd, kyrkjeeigarar, kompetansemiljø innan tradisjonshandverk, museum, fagskular, vidareutdanning, handverkslaug, m.m. i Vestland.
Les meir om konferansen og om kyrkjebevaringsprogrammet – sjå lenker nedst på sida