Målet for konferansen er å informere om Kirkebevaringsprogrammet, utforske potensialet i det og leggje grunnlag for samarbeid.
Stad: Korskirken, Mariakirken og Bergen domkirke
Målgruppe for konferansen er politikarar i kommunar og kyrkjelege fellesråd, kyrkjeeigarar, kompetansemiljø innan tradisjonshandverk, museum, fagskular, vidareutdanning, handverkslaug, m.m. i Vestland.
På den første dagen av konferansen får ein møta styreleiar for Kirkebevaringsprogrammet, preses Olav Fykse Tveit, sentrale politikarar frå fylke, bispedøme og kommunar. Dagleg leiar Oddbjørn Eide med kollegaer presenterer innhald og formål med Kirkebevaringsprogrammet. Dagen blir avslutta med pilegrimsvandring, tidebønn og felles middag i Korskirken.
Dag 2 tek utgangspunkt i presentasjon av aktuelle prosjekt og opnar for spørsmål og diskusjon. Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune, er vertskap for denne økta.
For detaljert program og påmelding, sjå lenker nedst på sida.
Påmeldingsfrist 25. januar
Koordinator: Kyrkjekultur Vest AS