Bispedømerådet vil lage samlingar der sokneråda kan byggje nettverk og bli inspirerte av kvarandre, og av ting som skjer i bispedømet. Det handlar om inspirasjon, samråd og å bli kjende.
På samlingane får du møta biskopen og andre representantar for det valde bispedømerådet som vil ta opp saker som er aktuelle i Bjørgvin til samråd med sokneråda. – Kva skal vi vere som kyrkje i vår tid? Korleis vere ei håpsrøyst i ei uroleg tid? Korleis prioritere arbeidet med å skape gode og trygge arenaer for barn og unge i kyrkjelydane? Kva kan vi lære av kvarandre og av andre?
Digitalt samråd før kyrkjemøtet
Allereie 24. mars vil det vere eit digitalt "samråd" før Kyrkjemøtet der ein kan vera med å gje innspel til kyrkjemøtesaker. Desse digitale samråda er for sokneråd frå heile landet.
Detaljer om samlingane kjem i eige brev til sokneråda, men set av tid til desse:
- Samråd 24. mars (måndag kveld)
- Nettverks-/inspirasjonssamling Laurdag 6. september for Sogn &Fjordane og 27. september for Hordaland.