Ein særleg kross i domkyrkja
Innlegg og samtale med biskopen blir om «Fred og forsoning etter væpna konflikt» i ramma av det internasjonale fellesskapet «Cross of nails» som har sitt opphav i Coventry cathedral og som Bergen domkirke også er medlem av. Biskopen fortel at det er eit særleg samband mellom katedralen i Coventry og Bergen domkirke, og dette handlar om fred og forsoning.
– Mellomalderkatedralen i Coventry vart bomba av tyskarane 14. november 1940. Av tre store naglar frå katedralen som vart funne etterpå, vart det laga ein kross. Sidan er hundrevis av slike krossar laga og gjeve til kyrkjer og ulike organisasjonar over heile verda som eit teikn på fred og forsoning.
Mellom alle desse som tok i mot ein kross, er også Bergen domkyrkje. I 1974 vart det danna eit økumenisk fellesskap av dei som har denne krossen; Community of the Cross of Nails. Og mange av medlemene i dette fellesskapet held kvar fredag ei middagsbøn; the Coventry Lithany of Reconcilliation. Så også her i domkyrkja, seier biskopen.
Inspirerande om landslova
– Forteljinga om korleis vi i Coventry, heilt tilbake til åra etter krigen har bygd opp att vårt forhold til Tyskland på same tid som vi bygde opp at både katedralen og byen vår, har inspirert folk i snart 80 år, fortel domprosten i den engelske industribyen. – Eg skal dela om dette og høyra kva som har blitt gjort i Noreg opp gjennom historia med fred og forsoning i samfunnsliv og lovverk, seier domprost John Witcombe som finn koplinga mellom Guds fire døtre og Magnus Lagabøte si landslov særs inspirerande.
Den vanskelege freden
I tillegg til domprosten frå Coventry, har biskopen invitert Hanne Sophie Greve, som særleg har utmerka seg med arbeidet med menneskerettsspørsmål og i ulike folkerettsdomstolar. Frå 1998-2004 var ho domar ved Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.
– Vi vil ha ein kveld som handlar om det vanskelegaste av alt: Korleis skape fred mellom menneske? Er fred mogleg å oppnå, spør biskopen.
Draumkvedet
Fordi denne kvelden også markerer at verdiåret med kristenretts- og landslovsjubilea går mot slutten, vil kvedaren Berit Opheim framfører delar av Draumkvedet.
Temakveldane blir arrangert av Bjørgvin bispedøme, saman med Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke. Dei er ein del av Landslovsjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom:
Temakveldane er i tillegg støtta økonomisk av Bergens Riksmålsforening.