Verdiar for framtida er på veg

Den første av i alt fire Verdiseglas-etappar kom fram til Bergen 21. mai. På kaien venta mellom andre fylkesordførar, ordførar og biskop for ei høgtideleg mottaking av ungdomar sine verdiar.

Pilegrimane frå MS Caroline af Sandnes og MS Granvin fekk ei storslått mottaking etter endt etappe. Her les Ragnhild Gudbrandsen dikt på Shetland-Larsens brygge.

- Verdiseglasen skal gje vidare dei unge sine behov for korleis landet vårt skal formast vidare.
Slik starta fylkesordførar Jon Askeland sin velkomsttale då MS Caroline af Sandnes og MS Granvin la til kai i Bergen 22. mai. 

- Det me gjer i dag, er å binda saman dei to veldig viktige lovjubilea som har forma landet vårt til det landet og det folket me er i dag. Uansett kor opptatt ein er av historien, så er det dette det handlar om, og korleis me skal ta landet vårt vidare.

Askeland trakk fram ei særleg sterk endring som kom med innføringa av Kristenretten på Moster for 1000 år sidan, då det vart forbod mot å setje uønska born ut i skogen for å døy.  

- Dette fortel oss litt om dei lange linjene om det som har skjedd og forma Noreg fram til i dag, heldt han fram. 

Fylkesordførar Jon Askeland på Shetlands-Larsens brygge med MS Granvin i bakgrunnen
Fylkesordførar Jon Askeland talar med MS Granvin i bakgrunnen (foto: Jens Meyer)

Då MS Caroline af Sandnes kom til Bergen denne vakre maidagen, hadde ho vore på seglas frå Moster sidan 1. pinsedag, medan MS Granvin vart med på reisa frå Fana den siste delen av seglasen.  Ombord var ei pilegrimskiste med verdibrev som ungdom har utforma. I desse verdibreva framheld ungdomane kva verdiar dei vil vi skal ta vare på inn i framtida vår. Desse vil bli overleverde til stortingspresidenten seinare i sommar, når Verdiseglasen har kome fram til Trondheim. Breva er skrivne etter verdisamtalar inspirerde av Magnus Lagabøte og landslova han innførte for 750 år sidan. 

Du kan lese meir om Verdiseglas på Kyrkjekultur Vest sine sider

Dikt av Jon Fosse

Skodespelar Ragnhild Gudbrandsen frå Kyrkjekultur Vest var og blant dei som sette preg på mottakinga på Shetlands-Larsens brygge. Ho las utdrag frå diktet "Finst det ei meining over desse tinga?" av Jon Fosse. Diktet er tinga av Gulating 2024 og Kyrkjekultur Vest i høve jubileumsfeiringa i Gulen i august. Andrea Ådland song tekstar frå diktet, til melodi ho sjølv har laga.

Her kan du sjå og høyre desse framføringane:

 

Pilegrimsvandring til Bergen Domkirke

Biskop Ragnhild ønskte og skipet med verdibreva velkomen. Ho trekte fram kor viktig det er å samle ungdomar sine tankar om verdiar på denne måten.

- Vi vil bera kista med verdiane opp til domkyrkja. Ved å gjera dette, lagar vi eit vevteppe av verdiar. Vi tar med oss verdiane frå dei unge i dag inni framtida. Og me søkjer etter historiske røter, historiske verdiar som må vera ein del av oss også i dag.

Biskopen sa vidare i sin tale at det er ei stort oppleving å vera med på dette, og at verdiane skal vidare til Trondheim og til nasjonaljubileet på Stiklestad i 2030.

- Vi må seia noko i dag om korleis vi vil at framtida vår skal bli, og me treng dei unge si stemme for å gjera dette. I denne jubileumstida må vi sjå på kva som er viktig for oss å gje vidare til vår unge og våre born.

Etter talen song biskop Ragnhild om Olav Tryggvasson som kapprodde med bror sin. Ragna Sofie Grung Moe spelte tussefløyte, og ordførar i Bergen Marit Warncke tala til dei frammøtte.

Kystpilegrimsprest Einar Vegge leia alle i ei pilegrimsvandring frå kaien til gudsteneste i Bergen Domkirke, Magnus Lagabøte si gravkyrkje. Fremst i pilegrimsprosesjonen gjekk ungdomar med fane og Olavsflammen som skal brenne heilt til nasjonaljubileet i 2030. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"