Sjå video av temakveld om Guds fire døtre

Eldgamle verdiar for vår tid prega temakvelden i Bergen domkirke torsdag 22. februar. Professorane Jørn Øyrehagen Sunde og Alf Tore Hommedal var gjester då biskop Ragnhild ønskte velkomen til føredrag og samtale om «Guds fire døtre» - Miskunn, rettferd, fred og sanning. No kan du sjå video av samlinga.

Jørn Øyrehagen Sunde (t.v.) og Alf Tore Hommedal var gjester på temakveld om Guds fire døtre

Leiar i komiteen for Landslovsjubileet i Vestland, fylkesordførar Jon Askeland, opna. Det var også mellomaldertonar framførte av Alf Tore Hommedal, biskop Ragnhild og domkantor Kjetil Almenning før dei to engasjerte professorane fekk formidla kunnskap om Magnus Lagabøte, fransiskanarane, Landslova og Bergen for 750 år sidan framfor dei over 200 som var møtt fram.

Temakveldane blir arrangert av Bjørgvin bispedøme, saman med Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke.  Dei er ein del av Landslovsjubileet i Vestland.
Temakveldane er støtta av Bergens Riksmålsforening.
Inngang kr. 100,-  Vipps nr 90786

Mange temakveldar å gle seg til

Det blir fleire temakveldar i "Verdiåret 2024" der jubilea for Kristenretten 1000 år og Magnus Lagabøtes landslov 750 år ligg under som premissleverandør. 

21. mars kl. 19.00  Miskunn - bioteknologi og fosterdiagnostikk
Gjest: Geir Sverre Braut, medlem av Bioteknologirådet

25. april kl. 19.00  Guds fire døtre i kunsten
Gjest: Professor emeritus Gunnar Danbolt

19. september kl. 18.00  Om tru
Gjest: Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery
Guds fire døtre - lesing og musikk
v/Den Nationale Scene og Kykjekultur Vest A/S

31. oktober kl. 19.00  Rettferd - reformasjonsdagen
Gjest: Professor Paul Otto Brunstad

21. november kl. 19.00    Fred - Cross of Nails
Gjest: Lagmann, dr. juris Hanne Sophie Greve

Landslovsjubileet i Vestland er eit samarbeid mellom:

Logorekke landslovsjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Bymuseet, Høgskulen på Vestlandet, Bjørgvin bispedøme, Moster 2024, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"