Bjørgvin bispedøme i dag

Bjørgvin bispedøme er eit av 11 bispedøme i Noreg og er det bispedømet som har flest sokn og flest kyrkjer.

Heggjabygda kyrkje, foto Kristen Hundeide

Per 31. desember 2023 hadde Den norske kyrkja i Bjørgvin 448 756 medlemer.

170 sokn

I Bjørgvin bispedøme er det frå 1. januar 2024 170 sokn med tilhøyrande sokneråd.  Det er 43 kommunar og 43 kyrkjelege fellesråd. Bispedømet har nært samarbeid med frivillige, kristelege organisasjonar og har eit formelt samarbeid med misjonsorganisasjonane gjennom SMM (Samarbeidsråd for menighet og misjon).

255 kyrkjer

I Bjørgvin bispedøme er det 255 kyrkjer. Av desse er 30 freda, 117 listeført som verneverdige hos Riksantikvaren og 108 ikkje verna. (Kjelde: KA). For oversyn over kyrkjene, sjå kirkesøk.no

Ansvarsområde for biskop og bispedømeråd

Bispedømerådet har 10 medlemer som saman med dei andre bispedømeråda utgjer Kyrkjemøtet. Biskopane utgjer til saman Bispemøtet.

Mynde og ansvarsområde for biskop og bispedømerådet følgjer mellom anna av Kyrkjelova, Gravferdslova, Tenesteordning for biskop, økonomi- og verksemdsinstruksen og tildelingsbrevet frå kyrkjerådet.

Bispedømet blir leia av to organ, biskopen og bispedømerådet, med felles administrasjon i Bergen.

Bispedømerådet skal ha si merksemd på alt som kan bli gjort for å vekke og nære det kristelege livet i kyrkjelydane. Rådet skal òg fremje samarbeid mellom dei enkelte sokneråd og andre lokale arbeidsgrupper innan bispedømet. Bispedømerådet fordeler statlege tilskot til trusopplæring og særskilte stillingar innan kyrkjeleg undervisning og diakoni. Bispedømerådet kan opprette og legge ned stillingar innanfor tildelt ressursramme. Frå 2024 skjer tilsetjingar i eit tilsetjingsråd der prosten, ein representant for stiftsdirektøren, ein representant for soknerådet og ein tenesterepresentant for prestane er med. Bispedømerådet vil framleis tilsetja prostar. Bispedømerådet er arbeidsgjevar for dei tilsette på bispedømekontoret.  I tillegg er bispedømerådet arbeidsgjevar for dei tilsette på bispedømekontoret. 

Biskopen leiar prestetenesta og har tilsynsansvar med kyrkjelydane og tilsette.

Mål og visjon

Bispedømerådet og biskopen har lagt til grunn dei mål og føringar som er gitt av departementet, Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet. Visjonsdokumentet og årsplan for Bjørgvin bispedøme ligg også til grunn for verksemd og aktivitetar.

Visjonen for Bjørgvin bispedøme er «Saman vil vi ære den treeinige Gud – ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd».

Kyrkja er ein møteplass og ein stad for engasjement. Desse områda er mest synlege:

-          Gudstenester og kyrkjelege handlingar

-          Dåp, trusopplæring og undervisning

-          Kyrkjemusikk og kultur

-          Misjon

-          Diakoni

Bjørgvin  bispedømeråd har som mål å ha medarbeidarar som har glede i tenesta, med gode rammer og høg kompetanse. Bjørgvin bispedømeråd ønskjer å vere ei tydeleg folkekyrkje både i by og grisgrendte strok av bispedømet.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"