Vidare skal utvalet arbeide for dessse måla:
- Kyrkjelydane legg til rette for at menneske med utviklingshemming sin rett til tru og livssynsutøving kan bli realisert, også når dette krev samarbeid med dei offentlege tenestene, som pliktar å legge til rette for slik utøving.
- Kyrkjelydane legg vekt på universell utforming med omsyn til både bygg og verksemd.
- Tilrettelagde fellesskap for menneske med utviklingshemming i kyrkjelydane får fagleg støtte og oppfølging
- Trus- og konfirmantopplæringa legg til rette for inkludering og syter for tilrettelagde tilbod for dei som treng det.
- Tilsette og frivillige i bispedømet utviklar sin kompetanse om inkludering i kyrkje og samfunn og kjennskap til menneske med utviklingshemming sin livssituasjon og trusliv.
- Menneskeverdet til menneske med utviklingshemming vert verna om frå livet byrjar til livet endar.
Inkluderingsutvalet har for tida desse medlemmene:
- Jostein Bildøy, kyrkjeverje i Fjaler, foreldrerepr.
- Kristin Buhaug, rådgjevande overlege NAV Hordaland, foreldrerpr.
- Linda Bårdsen, diakon i Birkeland
- Anette Lid Ussi, leiar for Klubb+ og Klubb Xtra i Åsane menighet
- Kari Elster Moen, senioringeniør Vestland fylkeskommune, foreldrerepr.
- Roar Strømme, prest, foreldrerepr.
- Leif Arne Økland - leiar, kyrkjeverje Austrheim og Fedje