Eit godt introduksjonsprogram og tett oppfølging av nytilsette kan ha mange fordelar:
- Det er viktig for at den nytilsette skal kome raskt i produktivt arbeid, sikre god kvalitet på tenestene, førebyggje feil og fremje samarbeid
- Det kan sørgje for motivasjon, meistring og mindre gjennomtrekk («turnover») og dessutan betre forståing rundt eiga og andre sine roller
- Organisasjonen og leiarane kan få eit betre og meir riktig bilde av den nytilsette
- Det er eit viktig hjelpemiddel gjennom prøvetida for å sikre at den nytilsette får nødvendig opplæring og orientering om verksemda sine rutiner
- Det kan òg gje positive verknader som auka trivsel og eit vidare godt arbeidsmiljø
Næraste leiar har overordna ansvar for at introduksjonsprogrammet blir sett i verk og følgast opp, og kan få støtte frå HR og andre på dette.
NB: Introduksjonsprogrammet for nytilsette (sjå fil nedst på sida) kan vere under endring, men bli regelmessig oppdatert.