Grunnlaget er trua på at Gud er nær, og vegleiinga er tenkt å vere ein stad kor vi kan få hjelp til å oppdage og sjå korleis Gud er til stades i livet vårt slik det er akkurat no.
Bjørgvin bispedøme har eit tilbod om åndeleg vegleiing til medarbeidarar i kyrkja og andre interesserte. Tilbodet har vore der i fleire år, det har vore organisert på ulike måtar, og framleis står tilbodet ved lag. Vi har prester og medarbeidarar, med viderautdanning i åndelig vegleiing som vil ta i mot dei som ynskjer å gå i åndeleg vegleiing.
«Den åndelige vegleiinga er ei hjelp til å oppdage Guds fotspor i kvardagen», seier Bård Haukedal som er personalprest i Bjørgvin bispedøme.
Kontakt Bjørgvin bispedøme sin personalprest om du vil vite meir om åndeleg vegleiing i Bjørgvin bispedøme.