Framleis store behov på Cuba

I desember var stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit saman med dottera Rakel Fjelltveit på ein privat tur til Cuba. Her fortel han om besøk med våre vener på den kriseramma øya.

I desember fekk Jan Ove Fjelltveit vere med mellom anna på gudstenester på Cuba.

Situasjonen på Cuba er svært kritisk, det er mangel på mange heilt basal ting, men situasjonen kjem i skuggen av mange andre stader som og treng akutt hjelp. Styresmaktene på Cuba søker og å halde oppe eit bilete av at ting fungerer, noko det ikkje gjer.

Kvar dag var det blackout på straumen fleire timar, folk stod i lange køar for å få tak i mat, drivstoff eller andre ting dei trengde. I dag har dei tomatar, i morgon kanskje kylling. Vi som turistar budde på hotellet som var av dei få husa som hadde aggregat og mat, men sjølv der hadde dei ein dag vatn, ein annan dag ikkje.

 

Møte med gode vener

Vi fekk vere med på dåp og konfirmasjon i ei av dei små kyrkjene. Vi fekk møte staben ved hovudkyrkja, og Carlos og Daimis som forsøker å bygge opp ein kyrkjelyd i ein bydel i Havanna. Vi fekk dele måltid, synge og danse, og leke enkle leikar som fungerer trass i lite spanskkunnskap. Rakel som er sjukepleiar, fekk mange flotte samtaler med mellom anna Claudia som er lege i fjella ved Guantánamo. Ho har ein turnus der ho er ein månad i fjella, og ei veke heime. Vi hadde med noko medisinar og andre ting ho og dei andre kan hjelpe seg med. Dei deler av trua si og håpet sitt, men og av motløysa som sig på når det berre blir vanskelegare og vanskelegare. Og då er det sterkt å få høyre kor mykje det betyr at vi besøker dei, og kva det betyr med venskapssamarbeidet med Bjørgvin. Det at dei fekk besøke oss, og at det var ei stor gruppe frå Bjørgvin på besøk i 2024, betyr mykje.

Vi skal fly mindre, men nokre flyturarar er det utruleg viktig at vi tek, for å bygge solidaritet, og ei tryggare verd, der vi veit korleis våre søsken rundt om i ulike delar av verden har det.

 

Vidare samarbeid

I januar 2024 var rundt tjue personar frå ulike kyrkjelydar i Bjørgvin av garde på ein kyrkjelydstur. Det var ein kombinasjon av feriedagar og besøk hos våre venskapskyrkjelydar. Dette har skap eit stort engasjement, både i Gulen, på Salhus og på Stord, for å nemne nokre av dei stadene som no arbeider med å få til ei ny hjelpesending til Cuba.

Bjørgvin bispedømeråd skal i februar ha som sak korleis ein skal ta venskapssamarbeidet vidare. Det vert sendt brev om kyrkjelydsoffer, og det er mogleg å vere privat støttespelar. Ein kan og finne ut korleis ein kan bidra inn mot innsamlinga dei held på med på Stord. 

Det kan være at ein ny kyrkjelydstur skal planleggast for 2026, og at biskop Ragnhild då vil vere med. Vi har knytt venskapsband med ei lita minoritetskyrkje, og dei gjer mykje med små ressursar. Vennskap forpliktar og vi vil søke å finne gode vegar for å halde dette samarbeidet oppe.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"