Støtt hjelpesending til Cuba - manglar 140.000 kroner

Innan 10. mars er det bruk for 140.000 kroner til kjøp av mat og hygieneartiklar for ei ny hjelpesending til Bjørgvin si venskapskyrkje på Cuba.

Kyrkjelydane på Cuba er gode på å distribuera hjelpesendingane slik at dei når fram.

Ei gruppe frå Stord sokn var med på Bjørgvin sin kyrkjelydstur til Cuba i januar i fjor. Dei såg alt som mangla på Cuba, og ville gjere noko med det.  No har dei saman med kyrkjelydar og einskildpersonar i Rogaland samla inn store mengder brukte klede, sko, syklar, datamaskiner og anna for å fylle den store containeren som skal sendast med båt til Cuba i månadsskiftet mars/april. Stord sokn har òg samla inn pengar til frakt. 

– Prosjektet manglar likevel framleis ca. 140.000 kroner av budsjettet på 300.000 kroner til kjøp av mat og hygieneartiklar, seier Kjell Ove Hatlem, Normisjon sin landsvarlege for Cuba, som jobbar saman med Stord sokn om dette.

– Det vi samlar inn blir fordelt gjennom kyrkjene i dei austlege provinsane på Cuba.  Kan du gje nokre hundrelappar, eller kanskje 1000 kr for å bidra til at fleire på Cuba får mat på bordet nokre dagar? Bruk Vipps #96005 (Normisjon – Cuba) og merk betalinga «Aksjon 25000101». For å få skattefradrag, oppgi også ditt mobilnummer i tekstfeltet. Vipps gjerne i dag, men seinast måndag 10.mars, oppmodar Hatlem. 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"