Konfirmantar med utviklingshemming

Også unge med nedsett kognitiv funksjonsevne (utviklingshemming) er hjarteleg velkomen til kyrkja sitt konfirmantår. Ofte vil dette krevje noko tilrettelegging. Dette har kyrkja mykje erfaring med, og vil gjere sitt beste for at konfirmanten og familien skal få eit godt konfirmantår.

Eirik og Thea lærer om dåpen. Foto Claus Arne Wilhelmsen

Tek du kontakt med det lokale kyrkjekontoret vil du få meir informasjon om dette. Gjer gjerne dette i god tid før konfirmantåret til, slik at ein i fellesskap kan få lagt opp året på ein måte som høver for den einskilde konfirmanten og familien.

I Bergen er det i tillegg til opplegga i den lokale kyrkjelyden tilbod om eit eige gruppeopplegg Konf+.

Mogelege ordningar i den lokale kyrkjelyden

  • Inkludering i det allmenne opplegget, men med støtte frå assistent eller liknande.
  • Delvis integrering med assistent, men noko eigen tilrettelagd undervisning (evt. i skuletida)
  • Eige, individuelt opplegg (evt. i skuletida)
  • Gruppeopplegg for fleire konfirmantar med utviklingshemming.

KONF+ i BERGEN

  • Dette tilrettelagde gruppeopplegget er lokalisert til Åsane kyrkje, men er for heile byen. Det er lagt til skuletida. Meir informasjonen og påmeldingsskjema finn du nedanfor.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"