Ledige stillingar i Bjørgvin

Ledige prestestillingar i Bjørgvin bispedøme blir lagt ut på www.kirkejobb.no. Der kan ein lese meir om våre ledige stillingar og senda inn søknad elektronisk. Bjørgvin bispedøme har dessutan bruk for vikarar i prestetenesta. Les meir om dette via blå boks nederst på sida.

Bjørgvin bispedøme er det største bispedømet i landet og omfattar Vestland fylke. Saman med Nidaros er Bjørgvin det eldste bispedømet i Noreg. Bispesetet vart først etablert på Selje på 1000-talet, men vart flytta til Bergen i år 1170. Sidan 1865 har Sjømannskyrkja stått under kyrkjeleg tilsyn av biskopen i Bjørgvin.

Bispedømet har ein mangfaldig og vakker natur, her er fjord og fjell, bygd og by. Blant mange vakre perler, kan vi nemne Hardanger, Sognefjorden, vestlandskysten og Bergen som er Noregs nest største by.

Bispedømet består av 176 sokn og 43 fellesråd som er fordelt på 11 prosti: Nordfjord, Sunnfjord, Sogn, Nordhordland, Vesthordland, Hardanger og Voss, Åsane, Bergen domprosti, Bergensdalen, Fana og Sunnhordland. Innanfor Bjørgvin bispedøme er det om lag 477 000 personar som er medlem i den norske kyrkja. 

Visjonen til Bjørgvin biskop og Bjørgvin bispedømeråd er: Saman vil vi ære Den treeinige Gud – ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd. Når det gjeld arbeidsmiljøet har Bjørgvin bispedøme ein overordna visjon som seier at kyrkja i Bjørgvin skal vere ein arbeidsplass prega av respekt, tryggleik, omsorg og glede.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"