No startar verdi-seglasen!

Første etappe av verdiseglasen startar på Moster sundag 19. mai. I til saman fire etappar langs «kystpilegrimsleia» frå Stavanger og nordover blir verdiar frå unge samla og frakta til Trondheim.

Caroline af Sandnes er ei av skutene som seglar verdiseglas i år.

Ungdom og unge vaksne skal i løpet av våren og sommaren skriva verdibrev som som skal fraktast på ein verdiseglas langs kystpilegrimsleia. I breva formidlar dei unge kva verdiar dei meiner det er viktig at vi tar med oss inn i framtida, som råd og oppmodingar til politikarar. Dette blir samla gjennom verdisamtalar som alt har starta på skular og i andre samlingar. Verdibreva blir frakta i ei pilegrimskiste ombord på dei ulike tappane av verdiseglasa.

Første etappe Moster - Halsnøy - Fana - Bergen

Første etappe av seglasen startar med ei markering på Moster 19. mai der lokale ungdommar kjem med det første verdibrevet til pilegrimskista kl. 12.30. Frå Nidaros kjem biskop Herborg med Olavsflammen frå Stiklestad som skal lysa gjennom ti år fram til Nasjonaljubileet i 2030. Denne flammen skal følgje seglasen langs kysten til Trondheim.

Skuta kjem til Halsnøy der det blir mottaking i Klostervågen ca. kl. 15.30 og prosesjon til Halsnøy kloster. Der blir det pilegrimsmesse kl. 16.00. I løpet av messa blir det også opplesing av råd og oppmodingar frå ungdommar på Halsnøy.  Ungdommane overnatter på Fjelbergøya før dei reiser vidare mot Fana og Bergen dagen etter. Også i Fana blir det pilegrimsmesse med verdiar frå ungdommar, måndag 20. mai (2. pinsedag) klokka 20.00. Her er det unge frå Skjold Steinerskole som gir råd til leiarene våre. 

Bli med på båttur frå Fana til Bergen

Tysdag 21. mai kl. 09.00 er det  mogleg å bli med på open seglas med M/S Granvin frå Hordamuseet i Fana. I Bergen blir det mottaking av både M/S Granvin og Caroline af Sandnes på Shetlands-Larsens brygge (innerst på Torget, ved Zachariasbryggen), kl. 11.30. 

Billettar til båtturen frå Fanafjorden til bergen sentrum (200,- kr.) finn du ved å trykke på denne knappen:

knapp med lenke til bymuseet si side for båttur med ms granvin

Ny tekst av Jon Fosse

På brygga blir seglasen møtt av bl.a. biskop Ragnhild, fylkesordførar Jon Askeland og ordførar i Bergen, Marit Warncke. Skodespelar Ragnhild M. Gudbrandsen vil lese ein ny tekst av Jon Fosse, "Kvar kjem vinden frå", som er skriven til Gulagtinget 1000 år, i tillegg til ein tekst frå Kongsspegelen om Guds fire døtre.

Derifrå blir det pilegrimsvandring til Domkirken med pilegrimsgudsteneste kl. 12.30. Her er det verdibrev frå ungdommar ved Laksevågen og Bergen maritime vidaregåande skule som blir oppleste.

 

Verdiåret 2024

Verdiseglasen har bakgrunn i rettsjubilea i "Verdiåret 2024". I år markerer vi nemlig to store jubileum: Det er 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster og 750 år sidan Magnus Lagabøte forma vår landslov. Landslova vart den første fungerande riksdekkande lovboka i Europa.  Det er dei fire bispedøma og dei fire regionale pilegrimssentra langs Kystpilegrimsleia som står bak verdiseglasen, saman med Kyrkekultur Vest A/S. 

Les meir om verdiseglas

For å lese meir om dei andre etappane av verdiseglasen, kan du følge lenka til Kyrkekultur vest si side om Verdiseglas 2024

Einar Vegge og Ragna Sofie holder en vimpel med logoen til Verdiseglas 2024

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"