Tilskot frå Den norske kyrkja til kyrkjeleg undervisning og læring, diakoni og kyrkjemusikk i Bjørgvin

Nedanfor er informasjon om tildeling av tilskot til fellesråd i Den norske kyrkja ved Bjørgvin bispedøme, og informasjon om rapportering for bruk av tilskot.

Tildeling av tilskot for 2025

Bjørgvin bispedømeråd vil utbetala tilskot til fellesråda, fortløpande etter at rapport frå 2024 er levert, seinast 15.mai.

Tidleg rapportering medfører tidleg utbetaling.  

For dei fellesråda der ein mottek fleire typar tilskot skal det sendast inn ein rapport for kvar kategori.

        Diakon og Kateket: Merk med 25/00011

        Kyrkjeleg undervisning og læring: Merk med 25/00010

Rapportane skal sendast til: bjoergvin.bdr@kyrkja.no

Rekneskapsrapport for 2025-midlane

Rekneskap for den tildelte summen for 2025 skal verta innrapport til bispedømet så snart som mogeleg i 2026, men seinast innan 15. mai 2026. Viss det er særskilde revisormerknader, ber vi om at dei vert sende i nummererte brev til bispedømerådet, så snart dei måtte liggja føre.  

Tidleg rapportering medfører tidleg utbetaling.

Rekneskapen for del 1, Diakonar og Kateketar skal rapporterast på fastlagt skjema

Merk med 25/00011

Rekneskapen for del 2: Kyrkjeleg undervisning og læring skal rapporterast på fastlagt skjema

Merk med 25/00010

Excelversjoner av skjema ligg nedst på denne sida og her: Tilskuddsforvaltning (frå Kirkens intranett)

 

DEL  1 - Tilskot til diakonstillingar, kateketstillingar og kyrkjemusikk i Bergen domkyrkje

Tilskot til diakon – og kateketstillingar er regulert av tenesteordningar og kvalifikasjonskrav for diakon og kateket. Full tildeling legg til grunn at det er vigsla diakon eller kateket i stillinga.

Om det ikkje melder seg søkjarar som oppfyll kvalifikasjonskrava, kan bispedømerådet, for stillingar med finansiering frå bispedømerådet/ kyrkjerådet, etter søknad, godkjenne at stillingane midlertidig vert gjort om til ei stilling innan diakoni eller undervisning. I slike tilfelle kan tilskotet verta redusert med inntil 20 %. Tenesteordninga for kateket og diakon slår fast: «Eit vilkår for vidare tilskot er at arbeidstilhøva vert  tilrettelagd slik at den tilsette får anledning til vidareutdanning for å kvalifisere seg for vigsling» Ved ny utlysing skal krava i tenesteordningane gjelda, eller ein må  søkje på nytt om midlertidig omgjering. Bispedømet forutset at fellesråda til ein kvar tid held bispedømet oppdatert med kven som er tilsette i stillingane, og deira kvalifikasjonar. 

For 2025 har vi følgjande tak på tilskota

A: Diakon    Inntil 50% Refusjonsgrad    

Diakon: Inntil  kr. 416.000,-

Diakoniarbeidar: Inntil  kr 374 000,- (reduksjon på 10 % av tilskot - forutset relevant bachelorgrad)

Diakonimedarbeidar : Inntil kr 320 0000 (reduksjon på 20 % av tilskot diakon)  

B: KATEKETAR

Kateket: kr 800 000,-

Kyrkjelydspedagog: kr 720 000

 C: Kyrkjemusikk 

Tilskot til kyrkjemusikalsk arbeid ved Bergen domkyrkje vert vidareført med kr 162000

------------

Mindreforbruk/unytta tilskotsmidlar til diakon – og kateketstillingar, går tilbake til bispedømet for vidare fordeling innan føremålet.  

DEL  2 – Tildeling av øyremerkte midlar til kyrkjeleg undervisning og læring i Den norske kyrkja. (tidlegare trusopplæring )

Mottakarane av tilskot kan forvente ein auke i tilskot frå 2024 til 2025 på 3,74 %. Dette tilsvarer auken i rammetilskotet til Den norske kyrkja over statsbudsjettet  

Bispedømerådet tildeler midlar til gjennomføring av kyrkjeleg undervisning og læring for aldersgruppa 0-19 år i alle sokn innanfor fellesrådsområdet for 2025 i samsvar med vedlagde oversikt, i tråd med lokale planar. 

Heile tilskotet for 2025 vert utbetalt, med evt. fråtrekk etter avrekning av ubrukte midlar frå 2024. 

Midlane fellesrådet no får tildelt til kyrkjeleg undervisning og læring er basert på tildelingane som vart avtalt for kvart sokn/samarbeidande sokn i gjennomføringsfasen i samband med trusopplæringsreforma. 

Fellesrådet si forvaltning av midlane

 Det vert vist til godkjenningsbrev frå biskopen, godkjende lokale planar i sokna innanfor fellesrådsområdet, oppretta stillingar, tidlegare avtalar og vedtak frå gjennomføringsfasen og Forskrift om økonomiforvaltning i sokn i Den norske kyrkja av 01.01.2021. Tildelinga vert gitt til fellesrådet med tilvising til § 17 i kyrkjeordning for Den norske kyrkja. 

Målet er gjennomføring av eit systematisk og samanhengande arbeid med kyrkjeleg undervisning og læring for alle døypte og interesserte innanfor fellesrådsområdet i alderen 0-19 år, uavhengig av funksjonsevne. Plan for kyrkjeleg undervisning og læring, vedteken av Kyrkjemøtet i 2024, er retningsgjevande for undervisning og læringsarbeidet i det enkelte sokn. Soknerådet er ansvarleg for vidareutvikling og gjennomføring av lokale planar, ref. § 12 i kyrkjeordning for Den norske kyrkja. Dette skjer i planverktøyet «Kyrkja vår – samla plan for arbeid i soknet» frå 2025. Tilskotet er gitt for å styrkje kyrkjeleg undervisning og læring for born og unge, og skal nyttast på personalutgifter og driftsmidlar inkludert aktivitetsrelaterte utgifter, kurs- og opplæringsutgifter samt utgifter til informasjonsarbeid og administrasjon. 

Vilkår for tildeling

Kyrkjeleg fellesråd skal: 

  1. leggje til rette for gjennomføring av aktiviteten innan kyrkjeleg undervisning og læring for døypte og interesserte mellom 0-19 år i alle sokna/samarbeidande sokn i fellesrådsområdet i samsvar med §12 i kyrkjeordning for Den norske kyrkja. 
  2. saman med soknerådet finne gode samhandlingsmåtar til beste for gjennomføring av aktivitet innanfor kyrkjeleg undervisning og læring. Dette i tråd med ansvar og oppgåver slik dei er skisserte i kyrkjeordning for Den norske kyrkja. 
  3. sørgje for at personalressursar og tilskotsmidlar vert disponerte på ein måte som bidreg til at det vert gitt eit undervisnings- og læringstilbod i alle sokna i tråd med lokale planar. 
  4. som valt organ, vedta eit samla budsjett for tilskotsmidla frå bispedømerådet. Budsjettet skal bl.a. fordele midla på høvesvis personalkostnader og driftsmidlar. Fellesrådet skal òg vedta del av driftsmidla som vert stilt til rådvelde for kvart sokneråd. 
  5. føre rekneskap for tilskotet til kyrkjeleg undervisning og læring, og tilhøyrande utgifter. Rekneskapen må førast på eige koststad/prosjekt pr. sokn slik at eigna rapportar kan takast ut. I dei tilfella der sokneråda fører rekneskap for driftsmidlar, skal desse førast på eige stad og soknerådet skal rapportere til fellesrådet på bruken av midla, slik at fellesrådet kan sende ein fullstendig oversikt på bruken av tilskotet til bispedømerådet. Til saman skal dette gje ein oversikt over korleis heile tilskotet frå bispedømerådet til kyrkjeleg undervisning og læring er nytta. 
  6. sørgje for at rapportering på rekneskap og aktivitet vert følgd opp i samsvar med fastsette fristar og rutinar. 

Framtidige tilskot til føremålet føreset ei vidareføring av tildeling frå departementet. 

Rapportering

I 2026 vil det kunne bli spurt om å levere rekneskapsrapport til ditt bispedøme etter dei same fristane som tidlegare år. Det vil avhenge av om ny tilskotsordning er på plass frå 2026. Aktivitetsrapport for 2025 skal leverast innan 15. januar 2026 i planverktøyet «Kyrkja vår». Kyrkja vår - samla plan for arbeidet i soknet 

Vi vil framleis kunne be om at eventuelle revisjonsmerknader i nummererte brev frå revisor vert sendt bispedømerådet så snart dei måtte liggja føre. 

Unytta midlar kyrkjeleg undervisning 

Ved underforbruk/vakansar har fellesrådet høve til å omdisponere midlar mellom budsjettpostane. Endringane skal avtalast med dei sokna det vedkjem. 

På noverande tidspunkt er det usikkert kor mykje av mindreforbruket som kan overførast til neste år. Dette er avhengig av ny tilskotsordning som er under handsaming. Ny tilskotsordning er venta å verte vedteken av Kyrkjerådet før sommaren 2025. Difor er det viktig at de følgjer med på informasjon som kjem. 

Kontroll og moglege sanksjonar

Bispedømerådet og/eller Felles økonomieining kan gjennomføre naudsynt kontroll av at dei tildelte midlane blir nytta etter føresetnadene i dette tildelingsbrevet. Dersom det i ettertid viser seg at tilskotet ikkje er nytta til det gitte formålet, kan bispedømerådet krevje deler eller heile summen betalt tilbake.

 

For meir informasjon om ny tilskotsordning, rapportering og ny plan for kyrkjeleg undervisning og læring, les her: 

Spørsmål og svar om rapportering - Ressursbanken, Den norske kyrkja

Bjørgvin bispedømekontor 14. februar 2025

 Jan Ove Fjelltveit, stiftsdirektør

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"