- Dei evangeliske kjerneverdiane må få godt rom

Dette innlegget frå biskop Ragnhild Jepsen heldt ho under generaldebatten på Kyrkjemøtet i Trondheim 4. august 2023.

- Dei evangeliske kjerneverdiane må få godt rom

Vyrde Kyrkjemøte,
2024 er året der vi skal feire og markere jubileum for hendingar som framleis i dag dannar fundament for vern og rettar om einskildmenneske og fellesskap i vårt samfunn:

1000-årsjubileet for innføringa av Kristenretten på Moster, og 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov.
Kristenretten vedteke på Moster innebar reglar om kristen livsførsel, om fredeleg konfliktløysing, om samfunnstyring, og om organisering av kyrkja.

Det var kongens biskop, biskop Grimkjell som utforma kristenretten, men det var kong Olav Haraldson som sikra at den vart vedteke. Resultatet vart ei varig endring av normgrunnlaget for den framveksande norske staten.

Med kristenretten kom ideen om at det finst noko som er rett, uavhenging av makttilhøva i samfunnet.

Det gjorde at svake grupper i samfunnet som i utgangspunktet ikkje hadde makt til å påverke lovene, kunne få rettar og vern likevel.

Dette er ein tankegang som vi i dag finn som grunnlaget for Dei europeiske menneskerettane.

Eit jubileum for å markere innføringa av kristenretten må både ha ei historisk forankring og ein samtidig relevans.
Den norske kyrkja må også finne sin veg inn i jubileet, og stake ut ei retning for kva ein vil vektlegge og fremme av tankegods og verdiar i samband med markeringane.

Aktualiteten i kristenretten syner seg mellom anna i vissa om at kvart menneske er skapt i Guds bilete. Ut frå denne tanken vaks det fram ei plikt til å syne omsorg for den svakaste mellom oss, men óg ein ide om individet, dets rettar og verd.

Slik vart det for tusen år sidan mogleg å bli eit individ med rettar og pliktar uavhengig av kjønn, av kva for ætt ein kom frå, eller kva ein hadde med seg av status og midlar.

Ein ser i Kristenretten på Moster kimen til vår individforståing i dag.

Omsorgsplikt for svake samfunnsgrupper er ein grunnleggande tanke i vår velferdsstat, men også fundert i kyrkja sitt diakonale oppdrag.

Dei evangeliske kjerneverdiane må slik få godt rom i jubileumsmarkeringane.

Lat oss bruke jubileumsåret til å setje på dagsorden korleis vi kan vitne om trua på den miskunnsame og rettferdige Kongen som vår kyrkje vedkjenner seg til, og verne om menneskets rettar og verd!

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"