Verdiseglas 2024

Verdiseglas 2024 er ei pilegrimsferd i fleire etappar frå Sokndal/Egersund til Nidaros. Med bakgrunn i rettsjubiléa i 2024 er ungdom på nøkkelstadane langs leia inviterte inn i verdisamtalar inspirert av verdiane "Guds fire døtre" og omgrep som makt, likeverd og demokrati.

Caroline af Sandnes la til kai etter første etappe av Verdiseglas 2024, 21. mai 2024

Kyrkjekultur Vest har laga ei eiga nettside for Verdiseglasen. Der kan du lese detaljert program for seglasen:
Snarvegknapp til nettside for Verdiseglas

Verdisamtalane, som vert til verdibrev til «Kystpilegrimskista», skal overleverast til Nasjonaljubileet Norge 1000 år og preses i Den norske kyrkje når seglasen kjem til Olavsfest 2024 i Trondheim; ei gåve frå markeringsåret 2024 Verdiar i lovverket.

Seglasen er eit samarbeid mellom dei fire regionale pilegrimssentra Avaldsnes, Bergen, Selje og Smøla, dei fire bispedøma Stavanger, Bjørgvin, Møre og Nidaros og Kyrkjekultur Vest AS. 

Seglasen skal medverke til å vitalisere og synleggjere Kystpilegrimsleia som ressurs i identitetsutvikling langs Noregs kyst og leggje til rette for varige samarbeidsrelasjonar mellom sokn og samfunn langs leia.

Etappar:
Frå Sokndal/Egersund til jubileumshelga Moster 2024 30. mai - 2. juni
Frå Moster til Bergen 19. - 21. mai
Frå Bergen til Gulatinget og vidare til Kinn/Selja til feiring av Seljumannamesse 1000 år  5.- 8. juli,
Frå Selja til Smøla og vidare til Nidaros 8. juli og 24.-27. juli - Nasjonaljubileet Norge 1000 år og Olavsfest

Program for verdiseglasane finn du på nettsidene til Kyrkjekultur Vest AS (lenke nedst på denne sida).

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"