Bjørgvin bispedøme vart i 2017 del av det nasjonale rettssubjektet Den norske kyrkja etter at det vart slutt på «Statskyrkja». Kyrkja vart «skilt frå staten, ikkje frå folket».
Bispedømerådet har 10 medlemer som saman med dei andre bispedømeråda utgjer Kyrkjemøtet. Biskopane utgjer til saman Bispemøtet.
Ansvarsområde for biskop og bispedømeråd
Mynde og ansvarsområde for biskop og bispedømerådet følgjer mellom anna av Kyrkjelova, Gravferdslova, Tenesteordning for biskop, økonomi- og verksemdsinstruksen og tildelingsbrevet frå kyrkjerådet.
Bispedømet blir leia av to organ – biskopen og bispedømerådet med felles administrasjon i Bergen.
Bispedømerådet skal ha si merksemd på alt som kan bli gjort for å vekke og nære det kristelege livet i kyrkjelydane. Rådet skal òg fremje samarbeid mellom dei enkelte sokneråd og andre lokale arbeidsgrupper innan bispedømet. Bispedømerådet fordeler statlege tilskot til trusopplæring og særskilte stillingar innan kyrkjeleg undervisning og diakoni. Bispedømerådet kan opprette og legge ned stillingar innanfor tildelt ressursramme. Bispedømerådet tilset prostar, kyrkjelydsprestar, studentprestar og fengselsprestar. I tillegg er bispedømerådet arbeidsgjevar for dei tilsette på bispedømekontoret.
Biskopen leiar prestetenesta og har tilsynsansvar med kyrkjelydane og tilsette.
Mål og visjon
Bispedømerådet og biskopen har lagt til grunn dei mål og føringar som er gitt av departementet, Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet. Visjonsdokumentet og årsplan for Bjørgvin bispedøme ligg også til grunn for verksemd og aktivitetar.
Visjonen for Bjørgvin bispedøme er «Saman vil vi ære den treeinige Gud – ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd».
Kyrkja er ein møteplass og ein stad for engasjement. Desse områda er mest synlege:
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar
- Dåp, trusopplæring og undervisning
- Kyrkjemusikk og kultur
- Misjon
- Diakoni
Bjørgvin bispedømeråd har som mål å ha medarbeidarar som har glede i tenesta, med gode rammer og høg kompetanse. Bjørgvin bispedømeråd ønskjer å vere ei tydeleg folkekyrkje både i by og grisgrendte strok av bispedømet.
182 sokn
I Bjørgvin bispedøme er det 182 sokn med tilhøyrande sokneråd. Det er 59 kommunar, med 58 tilhøyrande kyrkjeleg fellesråd. Bispedømet har nært samarbeid med frivillige, kristelege organisasjonar og har eit formelt samarbeid med misjonsorganisasjonane gjennom SMM (Samarbeidsråd for menighet og misjon).