Bjørgvin bispedøme sitt forhold til Sunniva i dag

I kva grad Sunniva på Selja er ein historisk person, kan ein diskutera, men forteljinga om henne vitnar i alle fall om nokre av kristentrua sine røter i Noreg. Tidlegare prost og prostiprest, Sigurd Vengen, skriv her om kva forhold kyrkja har til henne i dag.

Gøsta af Geijerstam: Frå serien "Den hellige Sunniva". © Gøsta af Geijerstam / BONO 2011

Det kom eit skip til Selja, og om bord var Sunniva og dei som seinare vart kalla ’Seljemennene.´ Dei var flyktningar, - og modige vitne om trua på Kvite-Krist. Skipet var utan årar, segl og ror, men Herrens vind og vér førte dei over havet, frå Irland til Selja og til Kinn. Det var kyrkjeskipet som kom.

Den underlege historia fekk sin slutt, og si byrjing, då dei vart martyrar i Mikaelshellaren: Sunnivahola. Med full rett kan ein seia at Sunnivahola er "livmora som fødde kyrkja i Noreg» (pilegrimsprest Arne Bakken) og slik staden der kyrkja i Noreg fekk liv. Sunnivahelleren har også vore karakterisert som «det ældste kirkehvælv som vi har tilbake her i landet.» (Sigrid Undset). Selja vart bispesete for Vestlandet frå 1068, inntil det vart flytta til Bergen ved slutninga av 1000-talet og fekk namnet Bjørgvin.

Ein kvar fødsel er identitetsskapande. Slik er det sjølvsagt også for det fellesskap av menneske som utgjer Bjørgvin bispedømme. Vil vi vite kven vi er, må vi kjenne vår historie. Det begynte på Selja, med Sunniva og Seljemennene, og det som hende med dei har hatt og har si virkningshistorie like til no.

Nettopp i vår spenningsfylte kyrkjetid er Sunniva ei stadig påminning om kristentrua sin djerve vilje til oppbrot. Å tru er ikkje berre å halde noko for sant. Å tru er å gjennomføre ei reise, og denne reisa kan ha uventa oppbrot og gi nye erfaringar på veg mot det evige målet.

Sunniva, - hennar historie og virkningshistorie -, er også eit underleg uttrykk for Jesu livsmønster: den gode vegen går gjennom død til liv. Det er ved å gi at vi får, ved å tilgi at vi blir tilgitt, ved å misse vårt liv at vi finn det. Det er ved å døy at vi står opp til evig liv.
Sunniva er også påminning om kvinnene sin sentrale plass i kyrkja. Vi har ikkje berre kyrkjefedre, men også kyrkjemødre. Sunniva er Bjørgvins kyrkjemor.
Sunniva uttrykkjer også tydeleg at den kristne trua er ikkje norsk, men universell. Den kristne trua kom rekande til oss på ein kjøl; kom til oss utanfrå, og kjem til oss utanfrå. 

Kristentruas vesen er å bli til. Den er ikkje ferdig. Den blir til ved stadig mottaking av Guds nåde, - den som blir gitt oss i ytre hendingar, i tid og rom, når Ordet og sakramenta blir delte ut. Sunniva gir oss tilskunding til å halde fram med det.

Sigurd Vengen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"