Symbolet Sunniva

Med funna på Selja vart kristendommen «rotfesta» i norsk jord, fortel mellomalderarkeolog ved Bergen museum, Universitetet i Bergen, Alf Tore Hommedal i dette intervjuet.

– Du er mellomalderarkeolog og har konsentrert deg mykje om Sunnivalegenden, mellom anna i arbeidet med ei arkeologisk utgraving ved Sunnivahelleren på Selja. Kva har inspirert deg til å sjå nærare på Sunniva?

– Eg har nærma meg Sunnivalegenda frå to innfallsvinklar. På eine sida er egmellomalderarkeolog, og har vore engasjert i arbeidet med arkeologiske utgravingar på Selja. På andre sida er eg katolikk, og oppteken av mellomalderhelgenane.

– Dette er to nokså ulike innfallsvinklar?

– Ja, og eg har forsøkt å halda dei åtskilde. Som fagmann har eg argumentert for at Sunniva som historisk person aldri har eksistert. Det kan mange av mine medkatolikkar ha vanskar med å forstå. Men det er fleire måtar å snakka om sanning på i denne samanhengen. Då skrinet med Sunniva kom til Bergen i 1170, var Sunniva skapt. For mellomaldermenneska var Sunniva heilt reell. Eg er oppteken av Sunniva som symbol, og som eit føredøme, slik alle helgenar er føredømer.

– Men du meinar altså at Sunniva ikkje har levt. Kvifor?

– Det er ikkje berre eg som har hevda dette. Fleire har gjort kritiske lesingar av tekstar og arkeologiske situasjonar, og fleire element gjev grunn til å tru at Sunniva ikkje er ein historisk person men ein konstruksjon som har komme til gjennom mange år. Ein seier til dømes at Sunniva kom over havet frå Irland. Men namnet hennar er ikkje irsk. Det er engelsk, og tyder solgåve. Også kalenderen vår tyder på at Sunniva har komme til seinare. Du finn Olsok og Hallvardsdagen 15. mai, det er dagane til St. Olav og St. Hallvard. Du finn òg seljumannamesse, men det er dagen til dei heilage på Selja, og ikkje Sunniva åleine. Det kan tyda på at historia om henne er komme til seinare.

– Adam av Bremen har skrive ein av dei første omtalane me kjenner om dei heilage på Selja. Om lag 1070, nærare 100 år etter at dei heilage skal vera oppdaga, sit han i Nord-Tyskland og skriv om nokre heilage som søv i ei hole oppe på Vestlandskysten. Han spør seg kven desse er. Han nemner ikkje Sunniva, men spør om det kan vera nokon av dei heilage sjusovarane, eller dei 11 000 jomfruene frå Køln. Og dette er interessant, for legenda om St Ursula og jomfruene i Køln har heilt klart same mønster som legenda om Sunniva og seljumennene.

– Korleis veks ei slik historie fram?

– Dei heilage skal ha blitt oppdaga i 996, og det er i dei neste nærare 200 åra, fram til Sunnivaskrinet vart ført til Bergen i 1170, at legenda har fått si form. Ein har nok ikkje medvite bestemt seg for å skapa henne, men over tid lagt saman to og to og fått fem, for så å leggja saman fem og fem og få 11. Ein har hatt trong for å forklare og fortalt historia med stadig nye element, som etterkvart har blitt til sanning for menneska på denne tida.

– Også etter at ein har byrja å teikna ned legenda er ho i endring. Dei eldste legendeversjonane me kjenner om Sunniva er frå om lag 1170, men på 1300-talet finst variantar der ein får fleire detaljar, som talen Sunniva heldt til folket sitt i Irland før ho reiste. Går du til Kinn får du tradisjonen om Borgny, syster til Sunniva. Alt dette viser kor levande og full av tolkingar legendekulten har vore.

– Kva så med dei arkeologiske aspekta, kva fortel dei om Sunniva?

– Det arkeologiske arbeidet viser at legenda baserer seg på hendingar som kan vera faktiske. Til dømes seier legenda at Olav Tryggvason fann relikviar på Selja. Arkeologiske utgravingar har påvist restar av ein førhistorisk busetnad i Sunniva-hellaren. Ein har funne spor av menneskeleg aktivitet, som er datert til folkevandringstid og i alle fall 300 år før Sunniva skal ha levd. Ved andre hellerar i området, som t.d. på Skongenes rett sørvest for Selja, har ein arkeologisk funne leivningar av menneske gravlagt i hellarar. Slik har det sannsynlegvis også vore i hellaren på Selja, og dette kan vera ei av forklaringane på kva ein 300 år seinare fann på Selja.

– Kva kan ein læra av menneska på denne tida?

– Mellom anna at dei hadde behov for forklaringar! Ein lærer om brytingstida i Noreg på denne tida. Ein europeisk, framand religion var i ferd med å bli etablert. Olav Tryggvason kom til Moster med mål om å samla kongedømet og å kristna landet. Året etter skal han ha oppdaga menneskebeina på Selja, og dette la grunnen for tradisjonen om dei heilage på Selja. Funnet må, for dei som fann beina, ha komme som «manna frå himmelen» i kristningsprosessen.

Med funna på Selja vart kristendommen «rotfesta» i norsk jord. Den nye trua handlar ikkje då lenger berre om fjerne hendingar og helgenar ute i Europa. Den blir òg noko nordmenn kan identifisera seg med. Ein heimleg, kjend plass, er blitt heilag, og knytt til den nye religionen.

– Sunniva er vår einaste kvinnelege skytshelgen. Kvifor er det ikkje fleire kvinner som har fått ein slik posisjon?

– I vikingsamfunnet var det nok lettare å forstå ein Olav enn ei Sunniva. Olav er martyr i ein krigssituasjon, medan Sunniva blir det i ein passiv situasjon. Sunniva og følgjet hennar er dei einaste helgenane eg kjenner til som Gud sjølv tek livet av. Alltid elles blir helgenane forfølgde og drepne av andre grunna trua si. Det skjer også med Sunniva og følgjet hennar, men først når dei bed Gud om vern frå forfølgjarane. Det er Gud som let raset kome over dei.

– Ei slik forståing av smerte og liding er det lettare å få aksept for på 1100-talet. Ser du til dømes på ei krusifiks i ein tidleg fase av kristninga, ser du gjerne den sigrande Kristus. Han står der med opne auge, full av kraft. Seinare, i gotisk tid er det lidinga som er framstilt. Professor i norrøn filologi Else Mundal har skrive ein fantastisk artikkel som formidlar noko av dette. Ho ser på skaldedikt og viser korleis Kristus i den første tida skildrast med distanse, som munkane og andre framande sin Gud. Så, etter at det har gått ei tid, kjem ei meir identifiserande omtale. Då har også diktarane gjort Kvitekrist til sin.

– Kva verdi har det når historisk materiale finn vegen til den samtidige kunsten?

– Det har stor verdi. Dette handlar både om korleis me finn symbol me kan identifisera oss med i dag, og om den tradisjonen me står i. Forfedrane våre var opptekne av denne heilage. Dei reiste på pilegrimsferd til Selja, og fann tryggleik i Sunniva og i denne staden, som dei også gjorde det ved Sunnivaskrinet då dette stod i Bergen. Kunstnarlege initiativ er på ulike måtar med på å skapa medvit om dette, og kanskje måtar for oss å forstå oss sjølve på. Med eit moderne uttrykk kan ein kanskje også formidla at det Sunniva står for, og framandfrykta ho opplevde i det norske samfunnet, er aktuelle storleikar også i dag.

Alf Tore Hommedal er mellomalderarkeolog og førsteamanuensis ved Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen. Han har over lang tid arbeidd med mellomalderanlegget på Selja, og har mellom anna hatt ansvaret for ei arkeologisk utgraving ved Sunnivahelleren på Selja.

Intervjuet var opphaveleg publisert på nettsida heilagesunniva.no i samband med framsyninga Heilage Sunniva - Sunnivareisa,  1. - 2. juni 2013.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"