- Forventar fire spennande år

Det nye bispedømerådet i Møre trådde i kraft 1. januar 2024. 10. og 11. same månad var medlemmane på kurs på bispekontoret i Molde, for å sikre at dei fekk nødvendig opplæring og gjennomføre sitt første møte. Då rakk vi også ein prat med den nye leiaren av Møre bispedømeråd, Arnt-Ove Tenfjord frå Tennfjord i Haram kommune.

Arnt-Ove Tenfjord er valt til ny leiar av Møre bispedømeråd 2024-2027. Bilete: Privat

- Eg vil fyrst seie at Møre bispedøme må vere eit fantastisk bispedøme, her finn du aktivitet overalt. Så håpar eg at vi i denne posisjonen skal få moglegheit til å kome oss rundt og sjå og møte dei flotte menneska i dei lokale kyrkjelydane. Det må vere eit privilegium og ein rikdom for oss, seier bispedømerådsleiaren.

 - Eg er også opptatt av at vi har eit ansvar som arbeidsgivarar. Og at vi må stelle oss slik at dei som er tilsett har gode vilkår og at unge får lyst å ta utdanning og arbeide her.

- Kyrkja har éin hovudperson

Vi spør Arnt-Ove om kva for leiartype han vil vere, og då blir han engasjert.

 - Ingen av dei 1068 orgelpipene i mi eiga kyrkje på Vatne kan påstå at dei er viktigare enn andre. Kyrkja har ein hovudperson og kjelde, og det er Jesus. Eg er ein tydeleg leiar, men ingen solospelar. Her gjeld sakleg ordskifte og argument, som ikkje går på person og eg vil ha møter som er så lange som dei må vere. Eg har klare meiningar, men har ikkje behov for å vise meg fram. Det er mange med relasjon til sjøen i det nye bispedømerådet. Stø kurs etter gode kart og trygge strukturar, respektere fyr og lykter, styre unna om vi er på kollisjonskurs med andre - og unngå grunner og skjer, seier han.

- Kva kan rådet og leiaren oppnå i løpet av ein fireårsperiode?

- Strategiar, visjonar, handlingsplanar og budsjett er lagt. Vi går i ferdiglagte gjerningar og så skal vi sakte gå inn i dei strukturane som ligg. Eg håper vi kan hjelpe og korrigere kvarandre slik at vi heile tida held oss på laget i Guds kyrkje som snakkar med og møter vanlege folk, og gir dei håp i alle livets fasar.

- Vi er ei stor kyrkje som blir bygt nedanfrå, der vi 10 i rådet er ein liten, men likevel viktig del. Eg ser for meg å føre vidare ei kyrkje som aldri skammar seg over evangeliet. Det er grensesprengande menneskevenleg, nært, lokalt, varmt og inkluderande, men også utfordrande. Og at vi i Møre nettopp er kjent for det.

- Min forgjengar Ann-Kristin Sørvik var oppteken av salmeskatten. Det er eg også. Men vi skal gå inn i alle dei saksfelt dei før oss har lagt. Samfunnsrolla blir viktig og ikkje minst påverke stat og kommune til å halde løyvingane oppe.

 

Viktig med ulike perspektiv

I perioden 2024-2027 er fire lister representerte i Møre bispedømeråd: Bønnelista, Frimodig kyrkje, Nominasjonskomiteen si liste og Åpen folkekirke. I tillegg er ein kyrkjeleg tilsett og ein leke kyrkjeleg tilsett vald inn, og biskopen er fast medlem i eigenskap av å vere biskop.

Bispedømerådsleiaren seier han er klar på at det skal vere meiningsmangfald i rådet.

- 10 medlemmar i rådet gir oss 10 unike erfaringsunivers og perspektiv. Det gjer at eg har forventningar om fire spennande år. Meiningsfangfald er eg ikkje redd, og fryktkultur er ikkje mi greie. Bispedømerådsleiaren skal arbeide for at rådet blir trygge på kvarandre, slår Arnt-Ove fast.

- Meiningsmangfaldet må berre ikkje ta ei form som skaper uro, splitting, frykt eller utryggleik for dei vi er sett til å tene. Det er ingen tente med.

 

- Ordet om krossen og krafta er ikkje av oss sjølve

- Sett i samband med Møre bispedøme sin visjon (Meir himmel på jorda) korleis tenkjer du at bispedømerådet kan leiast på best mogleg måte?

- Eg trur det må vere gjennom å bidra til eit debattklima der folk både torer å seie meininga si, kome på møtet, på arbeid, til kyrkje og aktivitetar sjølv om vi har ein dårleg dag. Vi er heile menneske som lever 24/7, seier Arnt-Ove, før han legg til ein metafor:

- Koret treng ikkje deg, men du treng koret, som ein dirigent sa til meg. 

Bispedømerådsleiaren held fram:

- Kyrkja må og skal alltid fornye seg. Det kan vere klokt å ta seg tid og vare på tradisjonelle verdiar og erfaringar når flakkande interesser pressar på. Vi må i alle fell ikkje svikte vårt trusgrunnlag. Berre ved å erkjenne kven vi er og kven vi har vore, kan vi stå rakrygga i møte med framtida. Kyrkja har halde bodskapen levande i over 2000 år ofte trass i og ikkje på grunn av feilbare menneske. Ordet om krossen og krafta er ikkje av oss sjølv.

Saka held fram under biletet.

Bispedømerådsleiar Arnt-Ove Tenfjord i kjend stil: på tur i fjell og natur. Bilete: Privat

 

Fleire opne kyrkjer

- Korleis ser du for deg at bispedømerådet kan vere eit godt bindeledd mellom fellesråd – kyrkjestab - bispedømeråd?

 - Her må eg lytte til rådet og vi må lytte til og lære å kjenne andre menneske som er involverte i det arbeidet vi er sett inn i. Og ikkje minst må vi lytte til dei vi ønskjer å nå med meir himmel på jorda. Til no har vi fått møte staben, prostane og ei kyrkjeverje i Hustadvika, som alle imponerte oss med det dei brenn for. Seinare skal vi møte kyrkjeverjer, fellesråd og sokneråd for å få innspel før kyrkjemøtet. Det viktigaste for kyrkja er møta og samtalen med vanlege folk. Personleg ønskjer eg meg fleire og meir opne kyrkje der ein kan stikke innom når ein vil for stillheit og ro, avsluttar Arnt-Ove.

Trykk på denne lenka for å sjå medlemmane av Møre bispedømeråd

Trykk på denne lenka for å sjå møteplanen til Møre bispedømeråd i 2024

Trykk på denne lenka for å finne saksframlegg og møteprotokollar  

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"