Vekstmidlar til kyrkjelydane i Møre

Møre bispedømmeråd lyste før sommaren ut 1 million kroner i vekstmidlar til kyrkjelydane i Møre. Mange har søkt og fått økonomisk støtte til ulike prosjekt. Men det er framleis høve til å søkje midlar gjennom ordninga. Tilskotsordninga har som formål å stimulere til fornya aktivitet i kyrkjene i 2021.

foto: Kirkerådet

 Gjennom tilskotsordninga er det dei fysiske aktivitetane og arrangementa gjennomført i kyrkjene i 2021 ein ønskjer å stimulere. Tilskotsordninga har også som mål å styrkje stabane i kyrkjelydane gjennom støtte til aktivitetar som styrkjer stabsfellesskap og stabsutvikling.

 

Møre bispedømmeråd ønsker særleg søknader som kan stimulere til aktivitet innanfor desse områda:

  • Tiltak for å styrkje gudstenestelivet
  • Diakonale satsingar i kyrkjelydane
  • Tiltak som styrker kyrkja si trusopplæring, og verksemd blant barn og unge
  • Tiltak som styrker oppslutninga om dåp
  • Kyrkjemusikalsk verksemd
  • Kulturverksemd/markering av 250 års jubileet for Hans Nilsen Hauge i 2021
  • Tiltak for å rekruttere, utruste og følge opp frivillige
  • Tiltak som styrkjer stabsfellesskap og stabsutvikling
  • Retreat for tilsette

 

Krav til søknad

Søknadar skal fremjast skriftleg på eige søknadsskjema

Utfylt søknadsskjema skal sendast til more.bdr@kirken.no

Søknadsfrist: Fortløpande

Tildelt støtte skal nyttast i tråd med søknaden. Prosjektrapport skal sendast innan utgangen av 2021, eller seinast 1 månad etter ferdig prosjekt. Kortfatta rapport skal innehalde:

  • Kva for prosjekt rapporten gjeld
  • Kontaktperson m/ kontaktinformasjon.
  • Omtale av kva som blei gjennomført
  • Evaluering av resultatet, inkl. omtrentleg tal på deltakarar
  • Det økonomiske resultatet for prosjektet
  • Vurdering av om prosjektet har gitt erfaringar kyrkjelyden kan ha nytte vidare

 

Midlane er prosjektmidlar som blir delt ut som eingongstilskot til kyrkjelydane etter søknad. Dette betyr at midlane ikkje skal nyttast som generelt driftstilskot eller kan nyttast til løn eller til finansiering av årvisse arrangement.

 

Søknader om midlar til materiell/inventar/bygging/innkjøp av teknisk utstyr og digitale satsingar vil ikkje bli prioritert gjennom denne ordninga.

Tildelte midlar som ikkje blir nytta i tråd med søknad, skal i betalast tilbake til Møre bispedømmeråd, med mindre det blir gjortavtale om å nytte dei til andre relevante formål. Ta i tilfelle kontakt med bispedømmekontoret.


Møre bispedømmeråd håper på mange gode søknader!

 

Tilskotsforvaltninga i Møre bispedømme

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"