Les alle sakene til bispedømerådsmøtet fredag 08.02.2019
Stiftsdirektøren foreslår med dette at bispedømegrensene skal følgje dei nye regiongrensene mellom Møre og Romsdal og Vestland og mellom Møre og Romsdal og Trøndelag. Dette får også verknad for prostigrensene for dei aktuelle områda.
Sjølv om endringane ikkje får verknad før 1. januar 2020, foreslår stiftsdirektøren at bispedømerådet går inn for at kyrkjevalet 2019 blir gjennomført som om endring alt har skjedd.
Mellom andre saker som bispedømerådet skal behandle er:
- Satsing på kyrkja sitt diakonale samfunnsansvar - fordeling av diakonimidlar
-
Tilsetting av sokneprest i Søre Sunnmøre prosti med Hareid sokn som særleg tenestestad.
- Orienteringssaker
Møtet blir halde i lokala til Møre bispedømeråd fredag 8. februar og tek til kl. 10.00. Møtet er ope for alle.