Konfirmant Sigrid bar veslesyster Eline til dåp

Palmesøndag bar konfirmant og fadder Sigrid Rypdal Gjul veslesyster Eline til dåpen i Tresfjord kyrkje. – Å vere åleine i kyrkja saman med dåpsbarnet Eline, veslebror Jakob og mamma og pappa var veldig spesielt og fint, seier Sigrid - som har eit særleg forhold til denne kyrkja.

Høgtid for konfirmant Sigrid Rypdal Gjul, då ho fekk bere veslesyster Eline til dåpen i Tresfjord kyrkje. Sigrid er fadder for Eline. Ho har eit nært forhold til kyrkja, som har følgt henne i både gleder og sorger. På bildet frå v. prest Inger-Marie Jakobsen Sylte, Sigrid Rypdal Gjul, dåpsbarnet Eline, Jakob Rypdal Gjul, Kjersti Rypdal Gjul og Øystein Gjul. (Alle foto: Elias Storhaug)

Tresfjord kyrkje betyr noko spesielt for Sigrid. Det er denne kyrkja ho høyrer til. Her har ho delteke på gudstenester og ulike trusopplæringstiltak ifrå ho var lita. For henne er kyrkjeromet ein stad å kome til i både i glede og i djup sorg; som då foreldrene hadde sin store bryllaupsdag - og den dagen ho var i gravferd til storesyster si Eirin.

Sigrid i bunad.jpg     Sigrid og Eline.jpg

Glede og sorg: Konfirmant Sigrid Rypdal Gjul har eit nært og sterkt tilhøve til Tresfjord kyrkje: Her har ho hatt fine gledesstunder og her har ho følgt storesyster Eirin til grava.
Palmesøndag var det ei glede å få bere veslesyster Eline til dåp og vere fadder for henne.
(Alle foto: Elias Storhaug)

 

Denne palmesøndagen er ein dag for glede. Sigrid synes det er veldig stas å vere fadder for veslesyster Eline. Ho seier: – Som fadder kjem eg til å ta med meg Eline til Tresfjord kyrkje, så ho vil kjenne seg heime her.

Sigrid forstår godt at konfirmasjonen må utsetjast til hausten, sidan det er restriksjonar på grunn av Koronasmitte. – Det var spesielt fint å kome her i dag og feire dåpsgudsteneste for oss i familien – saman med prest, klokkar, kyrkjetenar og kantor. Men akkurat konfirmasjonsdagen min har eg lyst å feire saman med slekta mi, smiler ho.

Bunaden som Sigrid bar som fadder - og som ho også skal bli konfirmert i - er ein Lierbunad: – Det er mormor som har brodert bunaden, ho gjorde det til konfirmasjonen til mamma. Slik blir tradisjonar ført vidare: – Så lenge eg kan hugse har eg visst at det er denne bunaden eg skal stå til konfirmasjon i, seier ho.

 

Prest og dåpsfamilie.jpg

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"