Nye bispedømegrenser og prostigrenser

Frå 2020 har Møre endra bispedømegrenser, endra prostigrenser og nye grenser for kyrkjelege fellesråd. Les om alle endringane!

Hornindal sokn er no ein del av Søre Sunnmøre prosti og Volda kyrkjelege fellesråd, medan Halsa sokn og Rindal sokn blir ein del av Orkdal prosti i Nidaros. Sokna i tidlegare Austre Sunnmøre prosti blir ein del av Nordre Sunnmøre prosti. Pga. kommunesamanslåingar blir mange kyrkjelege fellesrådsområde større.

Endringane inneber at bispedømet no inkluderer Hornindal sokn, medan Halsa sokn og Rindal sokn høyrer til Nidaros. Samstundes opphøyrer Austre Sunnmøre prosti, og går inn som ein del av Nordre Sunnmøre prosti. Mange av dei kyrkjelege fellesrådsområda blir større.

Det er departementet som etter høyringsprosessar har fastsett at bispedømegrensene mellom Møre og Nidaros og Møre og Bjørgvin frå 1/1-20 skal følgje fylkesgrensene. Bispedømerådet har bestemt at grensene for dei nye prostia skal ta omsyn til dei nye kommunegrensene. Det er blitt mange nye kommunegrenser i Møre og Romsdal frå 2020, og endringane får først og fremst verknad for dei kyrkjelege fellesråda. 

Hornindal

For Hornindal sokn inneber endringane at soknet blir ein del av Møre bispedøme og den kyrkjelege verksemda blir organisert i Volda kyrkjelege fellesråd, sidan Hornindal går inn som ein del av Volda kommune.


Rindal og Halsa

I nørdste enden av bispedømet har Rindal sokn og Halsa sokn no blitt overførte til Nidaros bispedøme, som dei også høyrde til fram til 1983, då Møre bispedøme vart oppretta. Rindal vil halde fram som eigen kommune i Trøndelag. I Rindal er det eitt sokn, og soknerådet fungerer også som kyrkjeleg fellesråd (med ein repr. frå kommunen i fellesrådet). 

Gjennom mange år har det vore eit nært samarbeid mellom Surnadal og Rindal om kyrkjeleg verksemd. Dette samarbeidet vil halde fram, sjølv om dei to kyrkjelege fellesråda no høyrer til kvart sitt bispedøme. Fellesråda vil formelt vere to sjølvstendige einingar med eigne budsjett, men ein vil framleis ha felles tilsette - og kyrkjeverja vil vere felles. Ved fylkesgrensejusteringane søkte dei to fellesråda om å utgjere eitt samla fellesråd, men fekk avslag frå departementet sidan kommunane no ligg i ulike fylke.   

Rindal og Surnadal.jpg

        VIDARE SAMARBEID: Dei kyrkjelege fellesråda i Rindal og Surnadal held fram samarbeidet,
        sjølv om 
dei no høyrer til i kvart sitt bispedøme.

Halsa går inn som ein del av nye Heim kommune i Trøndelag (dei tidlegare kommunane Halsa, Hemne og delar av Snillfjord). Dermed blir det Heim kirkelige fellesråd som administrerer den kyrkjelege verksemda. 


6 prosti

Frå 2020 har Møre bispedøme 6 prosti: Ytre Nordmøre prosti, Indre Nordmøre prosti, Molde domprosti
Indre Romsdal prosti, Nordre Sunnmøre prosti, Søre Sunnmøre prosti. Endringane frå 7 til 6 prosti skjer ved at tidlegare Austre Sunnmøre prosti går inn som ein del av Nordre Sunnmøre prosti.

Dei nye prostigrensene er tilpassa dei nye bispedømegrensene og den nye kommunestrukturen. Dette inneber at ein del sokn skiftar prosti: Tidlegare Sandøy sokn går frå Molde domprosti til Nordre Sunnmøre prosti. Områda som tidlegare sokna til Austre Sunnmøre prosti er no ein del av Nordre Sunnmøre prosti (Ørskog, Skodje, Stordal, Norddal, Stranda, Sykkylven).  Eide sokn vart allereie i 2019 overført frå Ytre Nordmøre prosti til Molde domprosti, sidan Eide no har gått saman med Fræna i Hustadvika kommune.

Hornindal sokn går frå Nordfjord prosti i Bjørgvin bispedøme til Søre Sunnmøre prosti i Møre bispedøme. 

Rindal sokn og Halsa sokn blir no ein del av Orkdal prosti i Nidaros bispedøme. 


Kyrkjelege fellesråd

Endringane i kommunestrukturen inneber også at det blir færre kyrkjelege fellesråd i Møre. Fleire kommunar har gått saman, og regelen er at det skal vere eitt kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune.

Frå 2020 er det 95 sokn og 25 kyrkjelege fellesråd i Møre. Det største kyrkjelege fellesrådet i Møre er Ålesund, der kring 75 tilsette vil arbeide med kyrkjeleg tenesteyting og administrasjon.   

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"