Engasjerte ungdom på Ungdomsting

3. og 4. mars deltok 35 engasjerte ungdomar i alderen 15 – 28 år på Møre Bispedøme sitt ungdomsting. Fleire kyrkjelydar frå ulike prosti sende delegatar til tinget. Mottoet for årets ting var: ”Di kyrkje – mi framtid; ungdommen i dag er kyrkja si framtid, vår stemme bør bli høyrt".

Biskop Ingeborg Midttømme var ein sjølvskriven gjest til Ungdomstinget. Ho inspirerte ungdommen og ga gode svar på spørsmål frå dei.

Les alt om Ungdomsting ved å trykke her. I dokumentet er det mange flotte bilete til å sjå på. Skriv gjerne dokumentet ut og gje vidare til kyrkjelyden og andre interesserte.

Alle mellom 15 og 30 år som ønskjer det, kan vere med på ungdomsting, men det er berre to frå kvar kyrkjelyd eller kristen ungdomsorganisasjon som kan vere delegatar med røysterett. Dette året veksla tinget på å vere på Seilet hotell og i Molde domkirke. 

Ungdomsrådet i Møre bispedøme hadde gjort eit godt førearbeid og kunne tilby deltakarane to dagar med variert program: bli-kjent-leikar, workshop, grill ein biskop, positive ting med å arbeide i kyrkja, sosialt, kveldsavslutning med andakt, gudsteneste i domkyrkja og val av nytt ungdomsrådsstyre.

Biskop Ingeborg Midtømme var ein sjølvskriven gjest til tinget, og ho stilte sporty opp under grillinga. Å grille ein biskop betyr at biskopen gjev svar på spørsmål som kjem frå salen. Ungdommen var frimodig, og biskopen ga seg god tid til å svare på alt. Her var det både alvor og glede.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"