Program for fagsamling for kyrkjemusikarar
10.15 Liturgisk opning i Langevåg kyrkje
10.30 Kaffe/frukt
11.00 Håvard Sveås: «Spenstig sakral» : Ledsagersatsar og liturgisk spel
12.30 Lunsj
13.30 «Musikk i faste» Bente Hjertenæs fra Kirkens Nødhjelp
13.45 Konsertforedrag ved Sigurd Melvær Øgaard
«Amerikansk orgelrepertoar»
14.45 Kaffepause
15.00 Konsertforedrag ved Sigurd Melvær Øgaard
«Amerikansk orgelrepertoar»
Samlinga blir avslutta ca 16.30
Pris for fagsamlinga er kr 550 + reiseutgifter.
Meld deg på HER. Siste frist for påmelding er måndag 1. oktober.
Sigurd Melvær Øgaard, domkantor i Bergen sidan 2015. Øgaard starta sine orgelstudiarsom tiåring med sin onkel som lærar. I 1996 deltok han på International Summer Academy for organister i Haarlem, Nederland. Frå 1997-2002 tok Øgaard si utdanning innanfor orgel, cembalo og kordireksjon ved Grieg-akademiet i Bergen. Under utdanninga var han eit semester ved Birmingham Conservatoire i England, samtidig som han arbeida som orgellærer ved St. Mary's Collegiate Church i Warwick. I 2002 flytta Øgaard til USA for å arbeide som organist ved First United Methodist Church, Lubbock, Texas. I løpet tida der fullførte han ein mastergrad og en DMA i korleiing ved Texas Tech University. Fra 2011 - 2015 arbeida han i Houston i Texas, m.a som organist ved Palmer Memorial Episcopal Church og som katedralorganist ved Christ Church Cathedral. Fra 2012 til 2015 var han organist og akkompagnatør for Bach Society Houston, og underviste ved University of Houston. Øgaard har hatt mange konsertar i Europa og USA, og har m.a vore solist ved festspela i Bergen og ved Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival.
Håvard Sveås, utdanna kyrkjemusikar med fordjuping i komposisjon/ improvisasjon og biinstrument jazzpiano ved musikkonservatoriet i Trondheim (NTNU). Sveås arbeider som kantor i Sula, og som freelance musikar/komponist/arrangør. Sveås har dirigert både damekor, mannskor og blandakor - og er for tida dirigent for blandakoret Voxing i Ålesund. Han har m.a. skreve og arrangert musikk for Ålesund symfoniorkester, Operaen i Kristiansund, Bukkene Bruse og ei rekke kor i samband med deira eigne konsertar og samarbeidskonserter med artistar som Peter Jöback, A1, Hanne Boel, Rein Alexander, Jan Eggum, Jan Werner Danielsen og juleturnèen Stille Natt.