Fleire til gudsteneste i Møre

Talet på gudstenester og gudstenestedeltakarar i Møre går opp. Det kjem fram i den ferske årsrapporten for Møre bispedøme. Rapporten viser også at dåpstala mellom kyrkjemedlemmer aukar igjen, etter fleire års nedgang.

Årsrapport 2018 for Møre bispedøme viser at talet på gudstenester og gudstenestedeltakarar i Møre går opp.  Rapporten viser også at dåpstala mellom kyrkjemedlemmer aukar igjen, etter fleire års nedgang. Utviklingstrekka i 2018 på dei ulike fagområda blir synliggjort gjennom ein oversikt som viser resultat og måloppnåing.

Les heile Årsrapport 2018 frå Møre bispedøme

– Talet på kyrkjemedlemer som vel dåp har ein auke til 86,4%, etter fleire år med nedgang. Vi ser også positive trekk i høve til deltaking på trusopplæringstiltaka og oppslutning om konfirmasjon. Vårt inntrykk er at dei fleste vel kyrkjeleg gravferd, også om dei ikkje er medlemmer. Dei fleste vel også kyrkjeleg vigsel, sjøl om talet på vigslar har gått noko ned. I det heile er kyrkja i Møre er framleis viktig i møte med livsritene, konkluderer stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug.

 

Gudstenester

Årsrapporten frå Møre bispedøme viser at det totale gudstenestetilbodet aukar, i hovudsak på søn- og helgedagar. Det totale talet på gudstenestedeltakar går også opp. Den gjennomsnittlege gudstenestefrekvensen har gått opp og er no på 52%. 

 

Folkekyrkje

– Vi ser ei positiv utvikling knytt til satsingsområdet «Ei folkekyrkje som engasjerer seg i samfunnet». Det er auke i kyrkjelydar som har plan for diakoni, men inga endring i Grøn kyrkjelyd og ein liten nedgang i misjonsavtalar. Det er auka tilgjenge på nettbaserte løysingar.

Tal vigslingar til kyrkjeleg teneste er noko ned, men vi ser auke i talet på engasjerte i frivillig teneste, opplyser stiftsdirektør Storhaug.

 

Dei viktigaste prioriteringane i Møre bispedøme i 2018 har vore:

  • Oppslutning om dåp gjennom eige dåpsprosjekt
  • Trusopplæring
  • Gudsteneste, kyrkjemusikk og kultur
  • Klima og miljø
  • Ungdomsarbeid og ungdomsdemokrati
  • God personalpolitikk og rekruttering til teneste
  • Kyrkja i samfunnet
  • Prosess for effektivisering av dei merkantile tenester.

 

 

Økonomi

Møre bispedøme var for 2018 tildelt kr 76,3 mill. (ikkje medrekna pensjon). Midlane er nytta til 87 årsverk, der presteteneste utgjer 73,5 årsverk. I tillegg forvaltar Møre bispedøme kr 29,9 mill. i tilskotsmidlar. 19 mill. går til tilskot til trusopplæring i kyrkjelydane og 9,7 mill. går som tilskot til 15 stillingar innan diakoni og 11 stillingar innafor undervisning i kyrkjelydane.

72 % av ressursane som bispedømerådet forvaltar er driftsmidlar, resterande er tilskotsmidlar. 85 % av driftsmidlane går til verksemdsområdet presteteneste, 15 % av driftsmidlane går til administrasjon/bispedømekontoret.

Den samla ressursbruken vart halden innanfor tildelt løyving. Rekneskapen viste i 2018 eit akkumulert mindreforbruk på 2 millionar kroner. Mindreforbruket vil bli søkt overført til 2019.

I Møre bispedøme er det 96 sokn, og variasjonane mellom sokna er store, både geografisk og demografisk. Med dei store variasjonane er det ei utfordring å vurdere faktorar for ressurstildeling objektivt og rett. Avgjerd om fordeling av ressursar i bispedømet blir gjort av bispedømerådet.

 

Les heile Årsrapport 2018 frå Møre bispedøme

 

For meir informasjon:

Stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug, telefon 71 25 06 70

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"