Hans Nielsen Hauge-jubileum i Møre

I år er det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge (1771 – 1824) vart fødd. Hauge var ein kjent lekpredikant, industrigründar, forfattar og samfunnsbyggar som besøkte mange av bygdene i vårt område på sine reiser. Han har på mange måtar prega landsdelen når det gjeld religion, samfunn, økonomi, menneskesyn og politikk. Møre bispedøme ønskjer å markere dette jubileet på fleire måtar og nytte høvet dette gir til å belyse tema som er viktige for oss som kyrkje i dag, og samtidig fornye innsikt om vår eigen historie og identitet.

Hans Nielsen Hauge-jubileum i Møre

Søk støtte frå bispedømmerådet sine Vekstmidlar

Møre bispedømmeråd har lyst ut 1 million kroner i Vekstmidlar, ei tilskotsordning har som formål å stimulere til fornya aktivitet i kyrkjene i 2021. Hans Nielsen Hauge-jubileet blir spesifikt nemnd som område der bispedømmeråd ønsker søknader som kan stimulere til aktivitet. Les meir om støtteordninga her:

1 million i vekstmidlar til kyrkjelydane i Møre - Møre bispedømeråd - Møre biskop (kirken.no)

 

«Haugespor – skaparånd, spetakkel og strikkepinnar»

Møre bispedøme samarbeider med Ryfylke Livsgnist som har utvikla framsyninga «Haugespor – skaparånd, spetakkel, og strikkepinnar.» Dette er ei reflekterande og folkeleg framsyning om spora etter Hans N. Hauge, og som blir vist på ein turne i Surnadal, Molde, Langevåg og Volda i perioden 19.-21. juni.  Les meir om framsyninga her.

 

Hauge-helg i Molde domkirke

Molde domkirke i samarbeid med Møre bispedøme arrangerer Hauge-helg 18.-20. juni, med mellom anna seminar, konsert, gudsteneste og framsyninga «Haugespor – skaparånd, spetakkel og strikkepinnar». Til seminaret laurdag 19. juni er tre Hauge-kjennarar med regional tilknyting invitert for å dele kunnskap om Hans Nielsen Hauge: Kjell Magne Bondevik, leiar av nasjonal komité for Hauge-jubileet, Ola Honningdal Grytten, professor i økonomisk historie ved NHH i Bergen, Edvard Hoem, forfattar. Seminaret blir leia av biskop Ingeborg Midttømme. Seminaret blir direkte-streama, og vist på bispedømerådet si Facebook-side. Meir informasjon om Hauge-helga i domkyrkja finn du her

 

 

Meir informasjon om Hans Nilsen Hauge:

Hauges Minde - ei nasjonal ressursside

Organisasjonen Hauge 2021 har tatt initiativet til ei nasjonal feiring med utvikling av nytt besøkssenter på fødestaden Hauges Minde i Fredrikstad, utstilling, bokutgjeving og fleire jubileumsarrangement. I tillegg er det danna ein nasjonal rådgjevande komité, leia av Kjell Magne Bondevik.

Besøk Hauges Minde her.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"