Julehelsing frå leiaren i bispedømerådet

Lat oss ta vare på kvarandre, vise kjærleik og omsorg, slik som den bodskapen vi samlast om ber bod om, skriv leiaren i bispedømerådet, Ann-Kristin Sørvik, i si julehelsing.

Julehelsing frå leiaren i bispedømerådet

"Møre bispedømeråd har bak seg sitt første arbeidsår, og det har vore eit år med store endringar: Kyrkjemøtet i april vedtok formelt skiljet mellom staten og kyrkja og dette vart stadfesta i Stortinget. Det er ein milepæl når 500 år med statskyrkje no er forbi, og kyrkja frå årsskiftet blir eige rettssubjekt mede kyrkjerådet som sentralt styringsorgan. For mange tilsette i kyrkja inneber dette at dei ikkje lenger er statlege tenestemenn, men arbeidstakarar i det nye rettssubjektet. For tilsette i bispedømeråda kan endringane bli fleire, medan den lokalkyrkjelege verksemda i sokna blir som før, med den viktige samhandlinga mellom det kyrkjelege fellesrådet og kommunen som ein hjørnestein.

 

Som bispedømeråd står vi framfor utfordringar av ulik art. Vår viktigaste oppgåve er å bidra til å å vekkje og nære kristeleg liv i kyrkjelydane og fremme samarbeid. Vi skal også tilsetje prestar, fordele tilskot og gjere forvaltningsmessige vedtak. Oppgåvene stiller krav til at den regionale verksemda blir driven forsvarleg i høve til budsjett og årsplan – og vi må
kvart år rapportere på dette.

 Ann-Kristin Sørvik er leiar i Møre bispedømeråd.

 

Den norske kyrkja i Møre bispedøme har høg oppslutning, og folk er sterkt knytte til si lokale kyrkje. Oppslutninga om dåp og konfirmasjon er høgast i landet og gudstenestedeltakinga er stabil. Kvart år deltek nær 400 000 ved gudstenester i bispedømet – og no i jula blir nok kyrkjene fylte igjen. Kyrkjene representerer også kulturarv, og dette hegnar folk om.

 

Samstundes kan vi ikkje sjå bort frå at situasjonen i kyrkja kring ny vigselsliturgi for likekjønna har skapt uro – ein del melder seg ut av kyrkja, nokre melder seg inn. Også i Møre bispedømeråd er det ulike meiningar kring saka. Likevel har vi greidd å skape ein god 
arbeidsfellesskap, der vi samhandlar godt trass i ulike synspunkt.

 

Vi som er valde inn i bispedømerådet er ombod for kyrkjemedlemmane, og det er viktig at folk i Møre kjenner til verksemda. I løpet av året har eg derfor halde fire folkemøte for å informere om bispedømerådet og endringsprosessane i kyrkja - og svare på spørsmål. Eg har inntrykk av at folk har sett pris på å få vite meir.

 

Det er mykje som går føre seg i kyrkjelivet i Møre. Biskopen kjem nærast dette under sine visitasar i sokna. I bispedømet har satsinga på Ungdomsåret med festivalen SKUBB vore viktig, like ein var stiftsdagane i juni ein viktig møteplass for kyrkjefolket i Møre. Dei aktuelle satsingane på Pilegrim i Møre og Kystpilegrimsleie er også viktige tiltak i skjæringspunktet kyrkjeliv/kultur/natur.

 

Vi har mykje verdfullt å hegne om i bispedømet vårt. La oss saman ta vare på kyrkja og sjå til at den er open for alle. Kanskje står ein stol tom i stua denne julehelga? La oss ta vare på kvarandre, vise kjærleik og omsorg, slik som den bodskapen vi samlast om ber bod om. Saman må vi stå opp for rettferd og fred."

 

   ´Der song dei for fyrste gongen, ved natt over Davids by,
   den evige himmelsongen som alltid er ung og ny.´  
   
                                                                       (Jakob Sande)

  

   Eg ønskjer alle i Møre bispedøme ei riktig God jul og eit Godt nytt år!

  

   Med helsing

   Ann Kristin Sørvik
   leiar Møre bispedømeråd 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"