Det blei ei flott vigslingsgudsteneste med eit stort innslag av song og musikk, mellom anna frå eit samansett kor med songarar frå kyrkjekora i Kirkelandet kyrkje og Nordlandet kyrkje under leiing av Ellen Karberg.Ho fekk også vist sine eminente ferdigheter på orgelet, ikkje minst under postludiet; Choral i a-moll av C. Franck.
Karberg er frå Danmark, der ho har undervist i kulturskulen og arbeidd som organist. Berre 14 år spelte ho til si første gudsteneste, og frå ho var 18 har ho arbeida fast som organist i kyrkjelydar i Danmark.
Ellen Karberg starta si teneste som kyrkjemusikar i Nordlandet kyrkje i oktober i fjor, og kan no også kalle seg kantor. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe i kyrkjelydshuset på Nordlandet, med mange gode helsingar til den nye kantoren.