Les visitasmeldinga for sokna Aure, Tustna og Stemshaug
Program for visitasen i Aure, Tustna og Stemshaug 8. - 13. juni 2021
Visitasmeldinga for sokna Aure, tustna og Stemshaug vitnar om lokalt engasjement, samhald og rike tradisjonar - men også om utfordringar.
Under visitasen vil biskopen bli presentert for eit tverrsnitt av dette, og få høve til møte og samtalar med folk i kyrkjelydane i området.
Programmet for visitasen omfattar m.a. morgonbøn i Gullstein kyrkje, kveldsgudsteneste i Stemshaug kyrkje og visitasgudsteneste i Aure kyrkje. Det blir fleire samlingar og fagmøte med tilsette og frivillige i kyrkjelydane og med fellesråd og sokneråd. Det blir også gardsbesøk hos Arve og Kari Goa, deltaking på konfirmantundervisning, møte med lærarane i kommunen samt møte med eldre.