Klart for innhaldsrike stiftsdagar

Stiftsdagane 8. og 9. juni i Molde kan by på debatt om kyrkja i møte med flyktningesituasjonen, valfrie seminar, foredrag,teaterframsyning, konsert med Reiersrud/Kleive og mykje meir – overskrifta over samlinga er Nåde.

Biskop Ingeborg Midttømme vil ta for seg omgrepet Nåde. Musikarane Knut Reiersrud og Iver Kleive held konsert i Molde domkirke. Anne Kristin Asmundtveit (bildet) og Hans Johan Sagrusten står for framsyninga "Nåde". Redaktør og forfattar Asle Finnseth vil snakke om å "Finne livets perle".

Stiftsdagane i Møre samlar kyrkjelig tilsette i heile bispedømet. Gjennom konsert, gudsteneste, foredrag, festmiddag og uformelle møte er siktemålet at dagane skal vere eit løft og ein inspirasjon i tenesta. Gjennomgangstema er Nåde.

Mellom deltakarane er den lutherske biskopen dr. Fabiny Tamaz, frå Møre sitt vennskapsbispedøme; Nordre bispedøme i Ungarn. 

 

Flyktningsituasjonen

Paneldebatten onsdag har tema "Sendt til verda – norsk kyrkje og misjon i møte med flyktningar". I panelet sit: 

  • Berit Hagen Agøy, generalsekretær i Mellomkirkelig råd for DnK 
  • Hans Aage Gravås, generalsekretær i Stefanusalliansen 
  • Jeffrey Huseby, generalsekretær i NMS 
  • Ingeborg Midttømme, biskop i Møre 
  • Reidar Andestad, Kristent interkulturelt arbeid, Møre 

Respondent er Dr. Fabiny Tamaz, biskop i Evangelical Lutheran Church in Hungary. 

 

Under dei valfrie seminara torsdag 9. juni kan ein velje mellom:

  • «Finne livets perle». Redaktør og forfattar Asle Finnseth 
  • «Nåde i populærkulturen» Prest og høgskulelektor Kjartan Leer Salvesen, og høgskulelektor Ralph Meier. 
  • «Understanding and Bible translation – experiences and challenges from Madagascar». Bibeloversetter Leoni Bouwer. 

 

Det heile blir avslutta med gudsteneste i Molde domkirke torsdag 9. juni.

 

Påmeldingsfrist:  5. mai - NB: etter det vert det lagt til 200,- på deltakaravgifta

Endeleg og bindande påmeldingsfrist: 25. mai

All informasjon om påmelding, prisar, deltakaravgift og overnatting, parkering osv: 

Sjå det fyldige programmet og få praktisk informasjon

 

Les meir og meld deg på: 

Informasjon og program

Påmeldingsskjema

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"