Kyrkjelyden i Hareid presenterer seg i ein eigen film på nettet: – Vi vil formidle kva vi som lokal kyrkje ønskjer å vere og invitere alle til å finne sín plass i kyrkja, seier kyrkjelydspedagog Barbro Landmark.
Filmen viser noko av kyrkja si verksemd i Hareid sokn og presenterer også nokre tilsette i kyrkja og deira kvardag. – Dette er ein måte å by oss fram på, seier kyrkjelydspedagog Barbro Landmark.
– Vi viser kva det betyr for den einskilde å arbeide i kyrkja, og også nokre glimt av kva den lokale kyrkja betyr for folk flest. Fellesnemnaren er at vi ønskjer å vere ei inkluderande, open og raus kyrkje, kor alle kan finne sin plass, seier ho.
Sjå filmen frå Hareid sokn
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.