Kyrkjemusikalsk fagsamling i Geiranger

Folkemusikk, gregorianikk, reformasjon salmar, tidebøner, konsert i Geiranger kyrkje. Dette er stikkord for haustens fagdagar for kyrkjemusikarane i bispedømet.

Geiranger kyrkje

Haustens kyrkjemusikalske fagdagar blir i vakre Geiranger tysdag 26. og onsdag 27. september. Kyrkjemusikalsk råd har lagt opp til ei samling over to dagar, med overnatting på Union Hotell Geiranger. Samlinga blir delvis saman med prestane i Møre som er samla til konvent. Stikkord for samlinga: Folkemusikk – Gregorianikk – Reformasjon - Salmar– Tidebøner - Konsert i Geiranger kyrkje. 

Med oss på samlinga blir m.a.:

 

Henrik Ødegaard

Komponist, mest kjent for vokal kyrkjemusikk inspirert av gregoriansk song og norsk folkemusikk. I tillegg til større korverk og korarrangemet av folkemusikk har han komponert solostykke, syngespel, kammermusikk, elektroakustisk musikk, orgelverker og oratorier. Ødegaard vil sjå på bibelske salmar frå koralbok bind 3, med eit sideblikk på dei folkemusikk-baserte salmetonane i salmeboka. Han vil også snakke om tidebønn-tradisjonen

 

Eivind Skeie

Prest forfattar, salmediktar og foredragshaldar.

Hans tema på samlinga er Martin Luther: tida, livet, salmar og gudsteneste. Martin Luther sitt forhold til salmesong  heng saman med hans forståing av kyrkjelyd og gudsteneste, Bibel, og undervisning. Skeie vil presentere nokre av Luther sine viktigaste salmar og utfordre oss på vår eigen gudstenesteforståing og salmebruk.
Korleis kan Luther inspirere oss i dag?

 

 

 

 

 

 

 

Program

Tysdag 26.09.

12.00:   Innsjekking Hotell Union Geiranger

13.00:   Lunsj

14.00:   Eivind Skeie: Martin Luther; -tida-livet -salmar og gudsteneste

16.30:   Pause

18.00:   Felles middag med prestane   

20.00:   Konsert i Geiranger kyrkje. Kveldsbøn ved Henrik Ødegaard

 

Onsdag 27.09.:

09.15    Morgonbøn i Geiranger kyrkje v/ Henrik Ødegaard 

09:30    Omvising og orientering om nyorgelet i Geiranger kyrkje v/ kantor Gunnar Inge Eide

10.00    Henrik Ødegaard: Folkemusikk, gregorianikk, tidebønner

12.30    Middagsbøn i Geiranger kyrkje v/Henrik Ødegaard

13.00    Lunsj på hotellet

14.00    Avreise 

 

Meld deg på HER

 

Absolutt siste frist for påmelding er tysdag 29. august.

Pris for samlinga blir kr 2000,-. Dette inkluderer hotellovernatting i dobbeltrom, med fullpensjon. For overnatting i enkeltrom er det eit tillegg på kr 320.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"