Møre bispedøme søkjer etter ein personalleiar som har framtidsperspektiv og gjennomføringsevne. Møre bispedøme står framfor store oppgåver, både administrativt og organisatorisk, gjennom fornyinga innan bispedømet sin arbeidsgjevarpolitikk og ressursforvaltning. Arbeidet med ny kyrkjeordning vil verke inn på fagområdet.
Personalsjef/Avdelingsleiar vil ha som oppgåve å ta hand om og utvikle personal- og arbeidsgjevaransvaret på vegner av biskop og bispedømeråd i nært samarbeid med prostane. Personalsjef/Avdelingsleiar vil ha ansvar for å koordinere personalarbeidet i bispedømet, samarbeide med Kyrkjerådet si HR avdeling og dei nasjonale teama innan løn og økonomi.
Personalsjef/Avdelingsleiar er del av leiargruppa på bispedømekontoret som i tillegg består av stiftsdirektør, biskop og avdelingsleiar kyrkjefag.
Søknadsfrist: 15. mars 2022.
Sjå fullstendig stillingsutlysing for meir om stillinga. Sjå også oversikten Jobb hos oss.