Under årets Bjørnsonfestival blir det litteraturgudsteneste i Fjøset på Nesset prestegard laurdag 5. september kl. 11:00. Biskop Ingeborg Midttømme deltek på gudstenesta saman med forfattar Endre Ruset som har skrevet nye tekster til gudstenesta, inspirert av Bjørnstjerne Bjørnson. Med på gudstenesta blir også sokneprest i Nesset André Sjåvåg og kantor Erik Fostervold.
Grunna smittevernsituasjonen må alle som ønskjer å delta på denne gudstenesta hente ut billettar på Bjørnsonfestivalen si heimeside: https://bjornsonfestivalen.hoopla.no/sales/1723420436
Arrangementet er gratis.
Etter gudstenesta fortsett festivalprogrammet på prestegarden med foredrag ved per Arne Dahl, prest og biskop emeritus i Den norske kyrkja, forfattar og skribent. Han har nyleg gitt ut boka «Sårbarhetens kraft. Om å finne styrke når du er svak», ei tekst som er krydra av poesi, likningar, forteljingar og eksempel i spennet mellom Job og Leonard Cohen. Foredraget "Sårbarhetens kraft" bygger på denne boka, der forfattaren spør om det er rom for svakheit i eit samfunn der den sterkaste ofte trekker det lengste strået.
Endre Ruset
Biskop Ingeborg Midttømme