Magne Fremmerlid og Bjørnar Myhr på konsertturne i Møre med nynorske salmar

I september kan du høyre og sjå songaren Magne Fremmerlid og pianisten Bjørnar Myhr framføre nynorske salmar under ein konsertturne i bispedømet. Gaute Øvereng frå Nynorsk kultursentrum vil kåsere over den nynorske salmetradisjonen og det blir mykje allsong.

Bjørnar Myhr på piano og Magne Fremmerlid, song, vil framføre nynorske salmar under ein konsertturne i september

Dei nynorske salmane er ein viktig del av vår salmeskatt og mange av dei mest kjende nynorske salmediktarane har sine røter frå vårt område. Med bakgrunn i dette har Møre bispedøme og Nynorsk kultursentrum tatt initiativ til å feire den nynorske salmetradisjonen med ein konsertturne i bispedømet. Det blir konsertar i fem kyrkjer i Møre bispedømme. Konserten vil innehalde eit breitt spekter av salmar frå den nynorske salmeskatten, framført av dei dyktige kunstnarane. Fellessong blir også ein viktig del av konserten.

 

Det blir salmekonsert i desse kyrkjene:

  • Borgund kyrkje, søndag 22. september

  • Grytten kyrkje, måndag 23. september

  • Ulstein kyrkje, torsdag 26. september

  • Tingvoll kyrkje, fredag 27. september

  • Vatne kyrkje, Laurdag 28. september

 

I år feirar Noreg "Boka sitt år", 500 år etter at erkebiskop i Nidaros Erik Walkendorf fekk tinga to liturgiske bøker i 1519. Dette jubileet fell same året som det er 150 år sidan det første nynorske salmeheftet «Nokre Salmar, gamle og nye» blei gitt ut. Mannen bak heftet var Elias Blix. Han sprengte rommet for kva språk offentlege religiøse tekstar kunne skrivast på, og no 150 år etter er det som ein gong var kontroversielt ein sjølvsagt del av dei norske kyrkjeromma. Dette får vi høyre meir om under konsertturneen.

 

Magne Fremmerlid har i mange år vore tilknytta solistensemblet ved Den Norske Opera og Ballett i Oslo, og har hausta strålande kritikkar både i Noreg og frå operascener i Europa.  

 

Bjørnar Myhr er pianist, komponist, arrangør og kapellmeister. Han er Møremusikar i Møre og Romsdal fylkeskommune og har ein variert karriere som pedagog, solist, kammermusikar, akkompagnatør og komponist.

 

Gaute Øvereng er administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum.

 

Konsertane er støtta av Møre bispedømmeråd, Bokåret 2019, Møremusikarordninga i Møre og Romsdal fylke og Nynorsk kultursentrum.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"