– Vi spela mykje orgel, dissekerte orgel, var litt nerdete, spela cembalo, høyrde på kvarandre, lærte ein heil del og alle fekk nye vener. Organistane var forskjellige både i alder og erfaring, og det var artig å bli kjend med dei, fortel Gunnar Inge Eide, som saman med Olav Arne Steinkopf og Rose Iren Stave var instruktørar.
– Vi som var leiarar hadde sett som mål at dei unge skulle spele til gudsteneste i Ikornnes kyrkje på søndag. Litt spenstig kanskje sidan enkelte av deltakarane aldri hadde spelt tangentinstrument, men ungdom klarer det meste! Dei spelte til alle salmar, fleire liturgiske ledd og bidrog også med fin instrumentalmusikk, fortel Eide.
– Olav Arne Steinkopf hadde laga eit spenstig arrangement på "Rydd vei for Herrens komme", for fire organistar/pianistar, xylofon og slagverk. Spontan applaus frå kyrkjelyden! Det var også veldig kjekt å vere saman med dei over 30 dirigentkursdeltakarane frå Ung Kyrkjesong, som hadde samling parallelt med oss.
Fleire samlingar
Initiativtakarar til orgelklubben er Gunnar Inge Eide, kantor i Storfjorden kyrkjelege fellesråd og Rose Iren Stave, kantor i Sykkylven. Arrangør er Ung kyrkjesong Møre.
Planen er å legge til rette for fire samlingar i året. Lengda på samlingane vil variere frå ein til tre dagar.
Første samling var altså i Sykkylven, deretter blir det samlingar i Hellesylt/Geiranger i april, Molde i august/september og Ålesund i november 2018.
På første samlinga i Sykkylven var kantor Robert Coates m.fl. instruktørar.
Kontakt Rose Iren Stave, tlf 915 10 045, eller Gunnar Inge Eide, tlf 930 49 185 om spørsmål knytt til orgelklubben. Epost: kantor.geiranger@storfjorden.kyrkja.no