Det nye bispedømmerådet i Møre for dei kommande fire åra er no klart. Det består av tre kvinner og fire menn. Rådet får 3 representantar frå Åpen folkekirke, 2 representantar frå Nominasjonskomiteen si liste, 1 representant frå Frimodig kyrkje og 1 representant frå Bønnelista.
Nedst på denne sida kan du sjå og laste ned valrapporten, med listestemmer per liste, stemmer per kandidat, tal på stemmer digitalt og på papir, med meir.
Valrådet hadde møte den 13.september og godkjende det endelege valresultatet for kyrkjevalet i Møre. Valresultatet er publisert med atterhald om eventuelle klager. Endeleg godkjent valresultat vil ligge føre seinast 22. september 2023.
Alle valresultat, oversikt over vararepresentantar og røystetal finn ein på nettstaden til Den norske kyrkja: kirken.no/
Møre bispedømmeråd har og ein vald representant frå prestane og ein frå dei leke kyrkjeleg tilsette, i tillegg til biskopen. Val av prest og leke kyrkjeleg tilsett vart høvesvis Arne Moltubak (sokneprest Ørsta) og Magnus Moksnes Myhre (domkantor).
Bispedømerådet blir vald for fire år. Medlemane er Møre bispedømme sine medlemmer i kyrkjemøtet.
Dette er det nye Møre bispedømmeråd (presentert alfabetisk etter namnet på listene):
Bønnelista sin representant:
Laila Terese Alendal
Frimodig kirke sin representant:
Arnt Ove Tennfjord
Nominasjonskomiteens liste sine representantar:
Amalie Valde Berge
Åpen folkekirke sine representantar:
Therese Kristin Utgård Aas
Olav Myklebust
Ole Kristian Gundersen
Biskop Ingeborg Midttømme er fast medlem av rådet i eigenskap av å vere biskop, og står ikkje på val.
NB! Oppdatert 29.9.23
Kirkerådet har rettet en teknisk feil i systemet for opptelling og utregning av resultatet i valg av leke til bispedømmeråd og Kirkemøtet. Mandatfordelingen eller kandidatkåring er ikke påvirket, det ble bare mindre korrigeringer for listestemmer.
For Møre bispedømmes valgoppgjør innebar korrigert valgoppgjør at Nominasjonskomiteens liste har fått 1 listestemme, Frimodig kyrkje har mistet 4 listestemmer, Bønnelista har fått 2 listestemmer og Åpen folkekirke har fått 1 listestemme. Du kan se oppdatert valgprotokoll i dokumentet nedenfor.
Valgrådet i Møre godkjente revidert valgoppgjør 28.9.23.