Opne kyrkjer i Møre

Det blir opne kyrkjer og elles mange aktivitetar i fleire kyrkjer til helga 16.-17. sep.

Døgnopne kyrkjer. Illustrasjonsbilete: Hareid sokn

Møre bispedømme feirar 40 år denne hausten, og det blir markert med fleire ulike arrangement. Dette er og eit høve til å løfte lokalkyrkja, og setje søkelys på kyrkja si betydning i bygd og by i Møre. Som ein del av jubileumsmarkeringa blir det difor opne kyrkjer fleire stader i bispedømmet, kvar med ulike programpostar. Hovudfokus er å skape positiv merksemd om kyrkjene som eit lokalt samlingspunkt.

 

Desse standane blir det open kyrkje i Møre bispedømme i september:

 

Kleive kyrkje

Det blir open kyrkje laurdag 16. september kl. 12.00 til kl. 18.00. I dette tidsrommet blir det periodar med ulike programinnslag, og andre delar der kyrkja er open for dei som meir ønskjer ein tur innom.

Lenke til Facebooksida til Kleive kyrkjelyd, med meir informasjon: https://www.facebook.com/events/986544252602049

 

Hustadvika

I Hustadvika er det fem kyrkjer, og laurdag 16. september blir det kyrkjestafett mellom alle fem! Det blir ein stopp innom både Bud, Hustad, Eide, Vågøy og Myrbostad. Litt informasjon og fun facts, historier, lunsj og jubileumskake blir det og. Lenke til Facebooksida til Hustadvika kyrkjelege fellesråd:

facebook.com/events/6357374424360899/

Turen startar kl. 10 og varar til kl. 18. Sjå programmet under:

 

Hareid

På Hareid opnast kyrkja med rikhaldig program. I løpet av døgnet 16.-17. september er følgande programpostar planlagd:

kl.12.00 4 åringane øver til gudstenesta med utdeling av 4-årsboka

kl.13.00 Familiesporløp og vaflar på kyrkjegarden

kl.14.30 Omvisning i kyrkja og prestestova v/Bjørg Vartdal Hareide

kl.16.30 Samtale om historieboka "Himmel over bygda" - kyrkje og kristenliv i Hareid

kl.18.30 Konsert med bl.a. Barnekantoriet og Musikklaget Melshorn

kl.20.30 Kveldskafe og filmkveld "The Shack"

kl.23.00 Kveldssbøn og overnatting i kyrkja for alle som ynskjer det!

kl.09.00 Frukost

kl.11.00 Gudsteneste med utdeling av "Mi kyrkjebok" for 4 åringar + kyrkjekaffi

 

Aukra

Laurdag 16. september blir det open kyrkje i Aukra kl. 10.00 – 16.00.

Sokne-og fellesrådet (SFR) i Aukra Sokn fortel at det blir festgudsteneste med bønevandring. Her er det offer til misjonsprosjektet i Moldova, til stønad for «misjon utan grenser». Kyrkjekaffi i kyrkjelydshuset etterpå.

 

Isfjorden

Hen kyrkje i Isfjorden held open kyrkje laurdag 16. september frå kl. 12.00 til kl. 17.00.

 

Molde

I Molde domkyrkje er det open kyrkje frå laurdag 16. september kl. 12 til kl. 21.

I tillegg er det lagt opp til ei rekkje aktivitetar, både laurdag og sundag. Les meir på heimesida til Molde domkyrkje ved å trykkje på denne lenka.

 

Lørdag 16.09.

* 12-21: Åpen kirke

* 12.30  Musikklek for hele familien. 1-6 åringer. Ved Lena Haugen

                Konkurranser og bildelotto i kirken hele dagen

* 13-15  Internasjonal kafé i Kirkestua. Samarbeid med KIA

* 14.15  Trompetfanfare fra tårnet. Lena Haugen og Jens Mordal

* 14.30  Kirkevandring i Molde domkirke ved Ola Gjendem

* 17.00  Tidebønn. Gruppe fra domkantoriet sm.m. sokneprest Ståle

                Johan Aklestad og domkantor Tone Synnøve Ø. Steinkopf

* 20.00  Ungdomskveld i Kirkekjelleren. Film, spill og aktiviteter

* 23.00  Septembernatt. Molde Brassband

 

Søndag 17.09. kl. 11.00 Jubileumsgudstjeneste

Hilsener og kirkekaffe. Samtale med Svein Tindberg

 

Røbekk

Røbekk stiller med open kyrkje frå klokka 14 til 18 laurdag 16. september. Det blir servering av kaffi, saft og vaflar, og følgande programpostar:

14:30 – 15:15 Musikkleik for born med Miriam Venås

15:30 – 17:00 Open øving med Røbekk kyrkjekor

Aktivitetsløype for born i kyrkja heile dagen.

 

Harøy

40 års jubileet til Møre bispedømme blir markert i Harøy kyrkje sundag 17. september kl. 11.

Det blir også feiring av misjonsgudsteneste som er felles for kyrkjelydane på Nordøyane. Koret Sotto Voce deltek. Det blir presentasjonsgudsteneste og tale ved Astrid Ulvestad Øygard. Takkeoffer til Det norske misjonsselskap. Kyrkjemiddag.

Lenke til markeringa: https://sandoy.kyrkjelyd.no/Kalenderdetaljer?Publish=Polo&Att=Nei&EventId=85bf8b12-0de1-4809-94ed-68c8328cbd63&OccurenceId=85bf8b12-0de1-4809-94ed-68c8328cbd63

 

Ålvundeid

Ålvundeid sokneråd har lagt markering av kyrkja sitt 175 årsjubileum til denne jubileumshelga, og vil då også markere Møre bispedømme sitt jubileum.

Det vil ikkje vere open kyrkje, men ein jubileumskonsert sundag 17. september, med ulike lokale aktørar i sving. 

Skule og barnehage er invitert til å lage teikningar i forkant, som skal henge i kyrkja. Bygdekvinnelaget vil stå for servering.

 

Ulstein

I Ulstein inviterast det til fleire ulike arrangement, frå drop-in dåp og musikkinnslag til open kyrkje og lystenning utover natta. Programmet er som fylgjer:

Laurdag 16. september:

Ulstein kyrkje kl. 15.00 – 18.00

Opa kyrkje med Drop – in dåp, småkonsertar og kjekke innslag og gratis med kontinuerleg kyrkjekaffi med vafler i høve Møre Bispedøme si 40-års-feiring.

Kl. 23:00 – 01:00 «Kyrkjenarsj» med opa kyrkje med høve til lystenning, prat og enkel nattmat.

 

Søndag 17. september:

Ulstein kyrkje kl. 11.00

Familiegudsteneste og misjonssøndag v/ Margit L. Holte.

Korklubben syng, tale ved May Lisbeth Hovlid Aurdal (NMS)

Offer til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt i Midt-Austen.

 

Ellingsøy

I Ellingsøy kyrkje blir det Laurdagskafe med lokale musikarar den 16. september. Her blir det høve til både å gjere kjend og markere det at Møre bispedømme feirar 40 år denne hausten. Servering av kaffi, saft og vaflar.

 

Herøy

Det blir open kyrkje i Herøy 16. og 17. september. Førebels er det klart at kyrkja skal vere open laurdag kl. 11.00 til kl. 14.00 og frå kl.22.00 til 03.00 natt til sundag.

Program og meir informasjon finn du på Facebooksida til Herøy kyrkje, ved å følgje denne lenka: https://www.facebook.com/heroykyrkje

 

Tingvoll

I samband med 40 års markeringa held Tingvoll kyrkje open i 24 timar, 16.-17. september! Også i Straumsnes kyrkje blir det aktivitet og open kyrkje 16. september.

Sjå heimesida til Tingvoll kyrkjelege fellesråd her: https://www.kirken.no/nb-NO/fellesrad/tingvoll/nyheter/open%20kyrkje%2024%20timar/?fbclid=IwAR0rjpgVfMDLqiFoE-lLLvRT8tufGugAw5F7g4LKtKvPsjYkfYgyZBqSlYA

 

Kornstad kyrkje

 

Sykkylven

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"