Reformasjonsgudsteneste i Volda kyrkje

Kyrkjelydane i Søre Sunnmøre prosti kom søndag saman til ei felles reformasjonsgudsteneste i Volda kyrkje.

Fullsett kyrkje i Volda under reformasjonsgudstenesta.

«Størst av alt er kjærleiken, men først av alt er nåden!» (biskop Ingeborg Midttømme)

Reformasjonsjubileet 2017 blei søndag 27. august markert med gudstenester over heile landet. Kyrkjelydane i Søre Sunnmøre prosti var samla til ei felles gudsteneste i Volda kyrkje. Kyrkja var fullsett og representantar frå alle dei sju kommunane i området tok del med ulike oppgåver.

Tema for gudstenesta var Nåden åleine - noko som vart lyfta fram både i ord og tonar av dyktige medverkande. 

Salmesongen er en viktig del av den lutherske kyrkja si arv, og når kor og ei fullsatt kyrkje stemde i var opplevinga av takksemd og fellesskap det som vart dominerande. – Gud har gitt oss alt – for bare takk, sa biskop Ingeborg i preika si. Og «takk» er det vi sit att med - takk over å høyre til eit stort kyrkjeleg fellesskap.

 

Sjå fleire fotos på facebook-sida til Møre bispedøme

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"