Ein retreat er ein rast på vegen. Vi treng av og til å stanse opp, for å kvile og å samle krefter, og ta inn landskapet vi er i. På rasteplassen kan vi også kjenne etter kva som har ført oss dit vi er no, og kanskje sette mål for vegen vidare. Og å sjå på landskapet vi er i.
Retreat for kyrkjeleg tilsette i Møre har blitt ein tradisjon, som starta i 2012. No inviterer vi til ny retreat med åndeleg vegleiing.
Målet med ein retreat er å søke Gud og utdjupe den personlege relasjonen til han. I bøn og meditasjon søkjer retreatdeltakaren å lytte både til Gud og til seg sjølv. Denne retreaten vil vere taus. Det vil seie at ein får ro til å vere i bøn og møte Gud, mest muleg utan andre impulsar som kan forstyrre.
Åndeleg vegleiing vil seie at alle får samtale med vegleiar ein halv time kvar dag. Der får du hjelp til å leve i relasjon med Gud, og du får impulsar til bøn og meditasjon. Du står elles fritt til å bruke vegleiinga og tida på retreat som du vil.
Impulsar til tema
Gjennom Kristus har vi retten til å bli Guds born. (Gal. 4.5) Det er ikkje berre ei gåve, det er ein rett vi har, som ein arving. Det er ein grunnleggande nåde, det som gjer fri til å vere det Gud har skapt oss til å vere . På rasteplassen får vi også kjenne på det vi er slik Gud ser oss, og ta imot det han gir.
Anne Karin Apalseth og Arne Vigestad vil leie retreaten.
Anne Karin Apalseth er utdanna åndeleg vegleiar og har mange års erfaring som vegleiar og retreatarbeidar på Sandom.
Arne Vigestad er også utdanna åndeleg vegleiar. Han har tidlegare vore prest på sjukehus og i fengsel.
Møre bispedømeråd vil dekke utgiftene til retreaten for sine tilsette. Andre må avklare med sin arbeidsgjevar.
Pris: 4100 kr
Påmelding til: more.bdr@kirken.no
Kontaktperson: Signe Hellevik: sh258@kirken.no tlf. 71250674
http://www.retreater.no/retreatsted/akerlehaugen