Rettferd for Suel

35 år gamle Suel, som bur i Herøy og arbeider på Runde, har saksøkt Staten for å få omgjort et vedtak om utvising.

Suel Hussein Kassembo. Bilete: Støttegruppa Rettferd for Suel

Suel Hussein Kassembo skulle egentlig sendast ut av landet 8. august. Under ein time før avreise kom beskjeden frå Oslo tingrett; dei hadde overprøvd politiets avgjersle om tvangsretur, og bestemt at det ikkje skal skje før ein rettskraftig dom er på plass.

Suel var no trygg i vente på ein ny rettskraftig dom. No får han prøvd saka si for retten, noko som inneber kostnadar på rundt 400 000 kroner. Rettsaka startar 23. november.

Han har levd som ikkje returnerbar i 19 år. UDI trudde han laug om opphav og alder. Difor fekk han avslag på søknad om opphald og vedtak om utvising. Det er no bevist at Suel har snakka sant heile tida. I staden for å innrømme feil i sakshandsaminga si vil staten v/UNE no sende han til Burundi, landet han flykta frå når heile familien hans vart drepen. Hadde norske myndigheiter trudd på han for 19 år sidan hadde han mest sannsynleg fått norsk statsborgarskap, skriv støttegruppa Rettferd for Suel på sin nettside.

Suel går no til sak mot den norske stat v/UNE, etter at innsamlingsaksjon og ulike støttearrangement har skaffa pengar til å gjennomføre rettssak. Utlendingsnemnda sitt vedtak om avslag på opphaldsløyve og utvisingsvedtak skal prøvast for retten.

Alle som er interessert kan kome og følge med – saka er open for publikum og går torsdag og fredag 23.–24. november i Oslo tingrett. Meir informasjon om dette ligg på www.domstol.no .

 

Etter 19 års kamp for å bli trudd, har Suel no endeleg fått dokumentasjon på at han snakka sant i 2004, då han kom til Norge. Han sa då at han var 16 år, at han hadde flykta medan heimen var under angrep i Burundi, og at foreldra og søstera hans var drepne. Norske myndigheiter derimot meinte han var 19 år og frå eit anna land.

Om UDI hadde trudd på han då han kom hit som einsleg mindreårig asylsøkjar, ville han hatt opphaldsløyve i dag. Truleg ville han óg ha vore norsk statsborgar.

I staden for å innrømme at det var feil å ikkje tru på Suel den gongen, ønskjer staten no å sende han ut av landet. Dette er ein stor feil. Derfor vil Suel, med hjelp frå støttegruppa "Rettferd for Suel", gå til sak mot staten, skriv støttegruppa på sin nettside.

 

Støttegruppa "Rettferd for Suel" samlar inn pengar til advokathjelp for Suel i saka der han kjempar for å bli i Norge. Vi ønsker også å bidra til at Suel får ein ny start, så han får etablert seg etablere seg slik han elles hadde gjort, om livet ikkje vart satt på vent i 19 år.

Suel har budd i Norge sidan 2004, og er ein viktig del av lokalsamfunnet i Herøy kommune. Han høyrer heime hos oss i havgapet!, slår støttegruppa fast.

Opprop

Rettferd for Suel-gruppa oppmodar om å støtte Suel ved å bruke spleisen og oppropet.

Oppropet er så langt signert av:

May-Britt Moser, Nobelprisvinnar

Edvard Moser, Nobelprisvinnar

Ingeborg Midttømme, biskop

Tor Berger Jørgensen, biskop

Stig Remøy, Næringslivsleiar i Herøy

Jan Inge Sørbø, professor

Atle Måseide, filosof

Nils Roar Hareide, havforskar

Maria Parr, forfattar

Trude Teige,  forfattar

Tina Storøy, ordførar Herøy,

Stian Skorgen Scheide , ordførar Ulstein

Bern Brandal, ordførar Hareid

Dag Vaagen, ordførar Sande

Ingeborg Midttømme, Møre biskop

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"