Dei årlege midlane frå OVF (Opplysningsvesenet sitt fond) er no fordelt, og alle med god prosjektidear er velkomne til å søke støtte. Du sender søknadsskjema til Møre bispedøme, og så blir søknaden vurdert i løpet av nokre veker. Det er ikkje søknadsfrist, så ein kan søkje når som helst gjennom året.
Klart for å søkje OVF-midlar for 2021
Har du eit spennande prosjekt, noko du brenn for og arbeider med å finansiere; då kan det vere lurt å sende ein søknad til Møre bispedøme om OVF-midlar for 2021!
Det er bestemt at midlane er prosjektmidlar som blir delt ut som eingongstilskot. Dette betyr at midlane ikkje skal nyttast som generelt driftstilskot eller kan nyttast til løn eller til finansiering av årvisse arrangement.
Det er utarbeidd eige søknadsskjema. Skjemaet gjer greie for krav til søknaden. Det prosjektet ein søkjer støtte til må definerast som kyrkjeleg arbeid innanfor områda diakoni/kyrkjemusikk og kultur/barn og unge/gudstenesteliv/samisk kyrkjeliv/anna.
Prosjektet lyt vere forankra i visjonsdokument og strategiplan for Møre bispedøme.
Etter avslutta prosjekt skal sluttrapport sendast.