Svekt budsjett kan gje svakare kyrkjelege tenester

– Frå ordførarane og kommunane i Møre og Romsdal er det ei forventing og eit krav om at det må vere prestar tilsett i sokna og andre kyrkjelege tilsette som yter gode tenester til innbyggarane. Budsjettrammene for kyrkja trugar no dette, meiner leiaren i Møre bispedømeråd, Ann-Kristin Sørvik.

Leiar i Møre bispedømeråd, Ann-Kristin Sørvik, er svært uroa over budsjettsituasjonen for Den norske kyrkja, og ber om at dei komande budsjettforhandlingane set Den norske kyrkja i stand til å yte gode tenester til befolkninga, uavhengig av kvar ein bur i landet.

I ein uttale uttrykkjer leiaren i Møre bispedømeråd at ho er sterkt uroa over kyrkjebudsjettet. Budsjettet viser ei underdekning for Den norske kyrkja på over 30 millionar kroner. I tillegg kjem auke i pensjonspremie og store kostnader knytt til kyrkjevalet 2018. Saman med ukompensert kostnadsauke på 50 millionar i samband med skiljet kyrkjet-stat stiller dette kyrkja framfor store budsjettutfordringar dei komande åra, seier leiar Ann-Kristin Sørvik i bispedømerådet.

Ho fryktar at dette dei næraste åra vil føre til kutt i bemanning og organisering, og at dette vil kome til å svekke dei kyrkjelege tenestene i kommunane. Bispedømerådsleiaren ber om at kyrkja blir sett i stand til å yte gode tenester til befolkninga, uavhengig av kvar ein bur i landet.

 

Dette er heile uttalen frå bispedømerådsleiaren:

 

Kyrkja og statsbudsjettet

"I statsbudsjettet for 2018 er det framlegg om at Den norske kyrkja får eit rammetilskot på 1.991 milliardar kroner. Dette er det første statsbudsjettet etter overgangen til ei meir fristilt folkekyrkje. Statens tilskot for 2017 var 1.969 milliardar. Dette gir ein vekst på 1,1 prosent, medan det i statsbudsjettet er lagt inn ein løns- og prisvekst på 2,6%. Berre på grunnlag av dette blir det ei underdekning på over 30 millionar kroner.

I tillegg til dette kjem auke i pensjonspremie og utgifter til kyrkjevalet i 2019, som det allereie i 2018 kjem kostnader til.

At kyrkja som eige rettssubjekt har eigenkapital på om lag 100 millionar kroner i forhold til ein omsetnad på 2 milliardar, vurderer vi som uforsvarleg lågt. Denne må byggast opp til om lag 400 millionar kroner.

Eg vil også nemne at det i dei tre åra før 2017, då gjennomføringa av eit tydeleg skilje mellom kyrkje og stat skjedde, vart det lagt til kyrkja ein kostnadsauke på om lag 50 millionar kroner som ikkje ble kompensert. Desse åra vart det gjennomført omfattande effektiviseringstiltak for å halde budsjetta.

Frå ordførarar rundt i Møre og Romsdal er det ei forventing og eit krav om at det må vere prestar tilsett i sokna og andre kyrkjelege tilsette som yter gode tenester til innbyggarane. Dette er også hovudmålet for Møre bispedømeråd. Budsjettutfordringa gjer at bispedømerådet arbeider med varig tilpassing i bemanning og organisering for å møte desse utfordringane. Dette er og blir eit svært krevjande arbeid.

Den norske kyrkja blir i dag finansiert todelt; om lag halvparten frå kommunane og halvparten frå staten.

Møre bispedøme ber om at det i dei komande budsjettforhandlingane blir gitt full kompensasjon for løns- og prisvekst og at Den norske kyrkja blir sett i stand til å yte gode tenester til befolkninga, uavhengig av kvar du bur i landet."

Ann-Kristin Sørvik
leiar i Møre bispedømeråd

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"