Bønekalender - nynorsk
Bønnekalender - bokmål
I mange år har Møre bispedøme brukt bønekalenderen til dei daglege andaktssamlingane i kapellet på bispedømekontoret. Fleire kyrkjelydar og private har også brukt kalenderen til samlingar og i eige bøneliv.
Nytt
Kalenderen er no revidert og oppdatert. Fadervår har fått ein meir sentral plass i bønekalenderen ved at dei ulike bønene få fokus på ulike vekedagar. Ein del av bønene står som før, andre er nye eller har fått ei språkleg oppdatering. Vidare har takksemda over mange medarbeidarar og over det rike og mangfaldige arbeidet i bispedømet fått meir plass, ved at dei ulike bønene blir innleia med orda "La oss takke og be".
Rytme og variasjon i bøna
Kalenderen er organisert slik at kvar vekedag har sine bøneemne. På denne måten kan kalenderen gi hjelp til god rytme og variasjon når ein ber, anten åleine eller ved samlingar i stab og kyrkjelyd.
Versågod
Møre bispedøme vil med utsending av ny bønekalender invitere til merksemd på takk og bøn, og utfordrar kyrkjelydar, stabar og private til å skrive ut kalenderen og ta den i bruk i sin samanheng!