Ungdomsrådet i Møre bispedøme presenterte seg for bispedømmerådet og orienterte om ungdomstinget i mars og fokuset som der vart sett på rekruttering til kyrkjelege stillingar. Dette vart det ein samtale omkring i møtet.
Ungdomsrådet peika også på utfordringane knytte til å være åleine eller få kristne i lokalmiljøet, og kor viktig det er å kome saman til felles arrangement og tiltak for ungdom i kyrkja. KRIK-leirar, kor-/musikk-samlingar mm. er døme på dette.
Ungdommane og bispedømerådet samtalte også om etiske utfordringar knytte til m.a. drikkepress og sexpress.
Bispedømerådet ga ungdommane ros for å vere ei konkret, tydeleg og viktig stemme inn i kyrkja, og at kyrkja treng innspel og råd frå ungdommen.
I mars 2020 blir det nytt ungdomsting på Philipshaugen i Øksendal.
MØTTES: Ungdomsrådet i Møre bispedøme møtte bispedømerådet 6. mai til erfaringsutveksling og samtale.
Les alle sakene til bispedømerådsmøtet
Ungdommar i kyrkja vil bli høyrt