I alle bispedømmeråda og på Kyrkjemøtet sit det elleve prestar og elleve leke kyrkjeleg tilsette. No er stemmene i det digitale valet av desse talde opp.
Val av prestar og leke kyrkjeleg tilsette til kvart bispedømeråd og Kyrkjemøtet er gjennomført som eit heildigitalt val. No er dei digitale stemmene talde opp.
Oppteljinga vert publisert med atterhald om at valrådet i det einskilde bispedømet skal godkjenne valoppgjeret.
I Møre bispedømme vart desse valgt:
- Prest: Arne Moltubak, f.1981, Sokneprest, Ørsta
- Lek kyrkjeleg tilsett: Magnus Moksnes Myhre, f.1982, Domkantor, Molde